Bønesamling frå heimane onsdag 18. mars

Bønesamlingane på bedehusa vert avlyst, men me vil oppfordra til felles bøn i heimane frå 17:30 til 18:00.

Bønesamling frå heimane onsdag 18. mars

Bønesamlingane på bedehusa vert avlyste i morgon den 18. mars. Det er enno ikkje fatta vedtak om å avlysa resten av samlingane, so med mindre anna melding kjem ut går dei som vanleg frå 1. april av. Men denne gongen ynskjer me å oppfordra alle til å be heimefrå.

Det er ei usikker tid me er inne i, og det er sikkert vanskeleg for mange, både med sjukdomsfrykta og med det å vera meir bunden til heimen enn vanleg. Difor kan det vera godt å be litt, og samlast om å lyfta fram for Gud alt det som ligg oss på hjartet. Litt lenger ned på sida kan de sjå bøneordninga som me brukar på samlingane rundtom - det er ei felles ordning, ei sokalla tidebøn, med enkel struktur som er lett å følgja. I morgon vil me oppfordra alle som kan til å vera med og be denne tidebøna heimefrå, frå 17:30 til 18:00.

Guds signing - må både Han og helsa vera med dykk i denne tida!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"