Vedtekter for gravplassane i Giske kommune

Jfr. lov av 7.juni 1996 nr.32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova), §21 (1). Vedteke av Giske kyrkjelege fellesråd 11.12.2019 GKF sak 39/2019 Godkjent av Møre bispedømmeråd 20.11.2019

Vedtekter for gravplassane i Giske kommune

§ 1. FORVALTING
Gravplassane i Giske kommune er underlagt Giske kyrkjelege fellesråd sitt administrasjons-og myndigheitsområde.


§ 2. DEFINISJONAR
Gravplassforvalting: Giske kyrkjelege fellesråd under utøving av sitt forvaltingsansvaret for gravplassane i Giske kommune, jf, gravferdslova med forskrifter.
Fri grav: Grav som gravplassforvaltinga har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av avgift.
Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.
Urnegrav: Grav til askeurne med plass til fire urner , jf. Gravferdsforskrifta §14. Dette gjeld ikkje §11 Namna minnelund, kor det med urnegrav blir sikta til grav med plass for ei urne.
Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner.
Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging.
Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav for.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.
Festar: Den som står som part i ein festeavtale.
Anonym minnelund: Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt.
Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der.


§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPASSANE
Besøkjande skal så sant mogleg ferdast gåande. Gravplassforvaltinga kan etter søknad gi løyve til køyring ved dokumentert sjukdom/forflyttingshemming. All køyring skal skje med særskild omsyn.


§ 4. RETT TIL GRAVPLASS
Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast der ein ønskjer av gravplassane i kommunen.
Dei har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.
Avdøde personar frå andre kommunar kan berre bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som feste av grav blir betalt.


§ 5. FREDINGSTID OG FESTETID
Fredingstid for kistegraver er 20 år. Fredingstid for urnegraver er 20 år.
Festetid er 10 år.

§ 6. FESTE AV GRAV
Det kan festast ei grav ved sidan av fri kistegrav. Dersom behovet tilseie det så er det høve til å søkje gravplassforvaltinga om ei ekstra grav i tillegg. Denne/desse gravene må det betalast festeavgift for. Desse gravene utgjer då ein gravstad.
Ved bruk av særskilt urnegrav, kan det ikkje festast ei grav ved sidan av.
Når festetida er ute kan gravstaden festast for nye 10 år. Når det har gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå gravplassforvaltinga.
I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader etter forfall, kan grava slettast.
Ingen kan gravleggjast i festa grav utan samtykke frå festaren. Dersom festaren sitt svar manglar, kan kyrkjeverja avgjere spørsmålet om gravlegging.


§ 7. GRAV OG GRAVMINNE
Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggjande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassforvaltinga sørgjer for istandsetting igjen, og vil sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging.
Gravplasspersonalet syter for planering og såing etter gravlegging. Gravminne kan setjast opp etter avtale med kyrkjeverja. På ny festa gravstad vert gravminne sett opp i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og blir ståande der for godt.


§ 8. PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide plantefelt i høgd med bakken. Dette må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.
Det er høve til å ramme inn plantefeltet med delt natursteinskant som fluktar med terrenget rundt.
Plantefeltet framfor gravminnet kan berre dekkast med steinplater etter avtale med kyrkjeverja.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet. Det er ikkje høve til å ha faste dekorgjenstandar i plantefeltet. Lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.


§ 9. PLANTETILFANG
Planter, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grava og som endar som avfall, skal vere heilt komposterbart. Avfall skal sorterast og plasserast på tilviste stader.


§ 10. STELL AV GRAV
Festar av grav har rett og plikt til å stelle og halde ved like grava han har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert stelde blir planert og tilsådd.


§ 11. NAMNA MINNELUND
NAMNA MINNELUND FOR URNER MED FELLES MINNESMERKE.
Ved feste av urnegrav ved sidan av i namna minnelund, vil ikkje nødvendigvis gravene kome ved sidan av kvarandre, men dei vil være i same gravfelt og namneplatene vil være ved sidan av kvarandre.

Ved gravlegging i namna minnelund må kostnadar til namneplate og del av minnesmerke, planting og stell betalast for.
Graver i namna minnelund kan bli festa på lik linje med andre graver på gravplassen.
Gravplassforvaltinga har ansvar for felles planting og stell i namna minnelund. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt i namna minnelund. Det kan leggjast ned blomar og lys kan tennast på anvist plass, innanfor gjeldande regler om brannvern.


§ 12. BÅREROM
Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom i Valderøy kyrkje/Johanneskapellet. Bårerom skal kun brukast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan særskilt løyve.
Liksyning kan kun skje etter løyve frå dei som syter for gravferda og må avtalast med kyrkjetenar.


§ 13. NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ynskjer å drive næringsverksemd på kyrkjegarden, skal ha løyve frå Fellesrådet. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.


§ 14. GRAVMINNE FOR URNEGRAV
Gravminne for urnegravfelt kan ikkje være større enn største høgde, bredde, djupne: 50 cm x 40 cm x 30 cm. Dette gjeld for felt M ved Valderøy nye kyrkjegard.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"