Han er cand. theol., og har studert ved Norsk Lærarakademi i Bergen og
Menighetsfakultetet i Oslo. Masteravhandlinga, om Willy Abildsnes og
Børre Knudsen si salmedikting, vart ferdig to dagar før han vart ordinert til
prest i Bergen domkyrkje av biskop Halvor Nordhaug tredje sundag i advent
i 2019.

Dei fleste somrane på slutten av studiet har han vore prestevikar på
Sunnmøre. Medan han studerte i Bergen strauk han mellom anna i
hebraisk (minst ein gong), og måtte difor ta dette opp att. Dette gjorde at han langsmed fekk eit godt halvår som prestevikar i Ålesund. I løpet av dette halvåret og somrane på Sunnmøre blei han forelska i området – og det vart etterkvart naturleg å seie ‘ja’ til å vere vikarprest på Valderøya og

så å søka stillinga som sokneprest for Giske og Vigra. Noko han ikkje har angra på.
Jesus er sentrum for prestetenesta, han som gir oss del i Guds kjærleik og
frelse. Benjamin ønskjer å vere prest av den «gamle» typen og vil vere ein
tilgjengeleg prest. Om du ønskjer samtale, forbøn eller skriftemål er det
berre å ta kontakt, anten på telefon eller e-post – eller stikk innom kontoret.
Han er glad i menneske og set pris på dei ulike treffpunkta i prestetenesta,
om det gjeld glede eller sorg.

Gudstenesta er høgdepunktet i tenesta – der Gud møter menneske med sin kjærleik og nåde og
kor menneske møter Gud med lovsong i fellesskap. Liturgien og salmesongen set han høgt.
Han har mellom anna ei dugande og veksande salmeboksamling på kontoret.
Utanom tenesta trivst han på tur, men som jærbu trivst han på mange
måtar best på øya Giske, jamfør det flate landskapet. Men han håpar på å
koma seg opp i høgda innimellom. Elles er han glad i bøker, spel, krim og
ein god latter. Og så har han ein forkjærleik for Danmark.
Livs- og arbeidsmottoet har han fått av dei gamle diakonissene han møtte då han budde på Haraldsplass i Bergen: «Av Guds nåde, til Guds ære».