Malaki utvidar tilbodet!

Malaki utvidar tilbodet, deler seg i to og opnar også opp for 6. klassinger!

Frå venstre: Jenny H. Storheim, Kornelia Runde Oksnes, Tuva Kjeseth, Otilie Godø-Richardsen, Fride Roaldsnes Sæther og Nora Oline Magnussen

I kyrkjekjellaren i Valderøy kyrkje er to team samla for første gang for å planlegge vårsemesteret. Det eldste teamet, som har drive kafé kvar tredje fredagskveld, har blitt supplert med eit nytt team frå 6. og 7. klasse. No blir fredagskvelden delt opp i to.

Malaki-kafé er først open for dei som går i 6. og 7. klasse frå kl 18.00. Då skal det nye teamet stå bak disken og lage verdas beste milkshake. Klokka 21.00 opnar kaféen for dei som går på ungdomsskulen. Foreldregruppa trur dette blir ei fin løysing. Kaféen har blitt ein populær plass å henge, og det har til tider vore fullt hus. Vi gler oss til å opne kafeen for første gang, seier det nye teamet.

 

Fredag 19. januar er første gong i 2024!

Malaki for 6. - 7. klasse: kl. 18.00-20.30

Malaki for ungdomsskulen: kl. 21.00-23.30

 

Velkomen til kafé!

 

Datoane for kafé våren 2024 er:

Fredag 19. januar

Fredag 9. februar

Fredag 1. mars

Fredag 22. mars

Fredag 12. april

Fredag 24. mai

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"