I oktober var Dag-Filip og Margaret en tur til Oslo for å finne eit høveleg piano til Johanneskapellet. Det var mykje å velge mellom, men valget falt til slutt på eit meget fint og nytt Schimmel classics piano.
Så var det berre å vente på når forhandler kunne frakte det til Ålesund, og plutseleg måtte vi hive oss rundt og få på plass dei siste detaljane sidan dei skulle frakte fleire instrument nordover samtidig. Heldigvis gjekk alt i orden og no er det på plass!
Dei første tonane som strøyma ut, lover veldig godt, så vi gler oss til å ta det i bruk og vise det fram til folk.
Tusen takk igjen til alle som har bidratt til innsamlinga! Og ein ekstra takk til Vigra sokneråd, Giske kommune og Sparebank 1 SMN for gode bevilgningar!
Det skal no stå og godgjere seg i kapellet ei stund, før vi får stemt det og tilpassa det ekstra godt til rommet i januar.
Mot slutten av januar blir det innviingskonsert og vi satser på ein konsertserie utover våren, slik at flest mulig får sjanse til å høyre dette fantastiske instrumentet i bruk. Så følg med!


