Babysong er eit tilbod til dei minste borna, saman med ein av foreldra. Gjennom song blir det knytta kontakt mellom foreldre og barn. Ein lærer enkle regler og songar, som ein òg kan nytte heime. Fokuset ligg på samværet mellom barnet ditt og deg. For barnet er di stemme den finaste i verda! Konseptet er tilrettelagt for dei små som deltek, men det er også et sosialt fellesskap for dei vaksne. Difor blir alle samlingar avslutta med felles lunsj (ta med niste!).
Datoar hausten 2026 (5 måndagar):
31. august
21. september 12. oktober
2. november 23. november
Tid og stad: kl. 11.00 i Norheimsund kyrkje.
Pris: Gratis! Kyrkja lagar kaffe og te. Hugs niste!
Ta med til songstunda: teppe som babyen kan liggja på i samlinga og eit sjal/lite tøystykke.
Songstund kl. 11:00 - 11:30, kaffe og niste etterpå
P.g.a. nye reglar for personvern får ikkje kyrkja tilgong til namn og adresser til alle fødte born i Kvam, berre til dei som er døypte. Derfor er det svært kjekt om de spreier dette til aktuelle deltakarar.
Inviter gjerne barselgruppa di med! Tilbodet er for alle i Kvam.
PÅMELDING ER SNART KLAR HER
Spørsmål? Ta kontakt med kateket Mampion Andriamandimby: ma382@kyrkja.no
