Barnehage

Krybbevandring

Barnehage

Dei siste vekene før jul og påske er det stor aktivitet i kyrkjene i Kvam. Då vert barnehagane inviterte til å delta på Krybbevandring og Påskevandring. Gruppene bør ikkje vera større enn 20 - 22 born eller mindre enn 10 born. Om de har få born på avdelingane, er det fint om fleire avdelingar kjem i lag. Opplegget tek 35 - 40 minutt (+ av- og påkledning), og passar for born mellom 3-6år 

Alle barnehagane må melde seg på til Bryna Opdal på e-post: bryna.opdal@gmail.com

Datoar krybbevandring 2022:

Fra onsdag 30.november - 12.desember

Tidspunkt : 10.00 eller 11.00 (kan endrast ved behov)

Velkommen!

JULESONGAR TIL KRYBBEVANDRING

Eit barn er født i Betlehem

Eit barn er født i Betlehem,
i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Her ligg han i eit krubberom,
eit krubberom,
men rår med evig herredom.
Halleluja, halleluja! 

Men okse der og asen stod,
og asen stod,
og såg den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja! 

Tre kongar kom frå Austerland,
frå Austerland,
gull, røykjels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

No tenner vi det første lys

No tenner vi det første lys,

åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn

i krubba lagt på strå.

 

No tenner vi det andre lys,

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud, vår Far,

vil sende Sonen sin

 

No tenner vi det tredje lys,

det er eit heilagt tal.

Vi ventar på at Kongen vår

skal fødast i ein stall.

 

No tenner vi det fjerde lys

og natta vert til dag.

Vi ventar på ein Frelsarmann

for alle folkeslag.

 

De finn songane på spotify etc ...

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"