Legoklubben er eit populært tilbod til 2. klassingar i kyrkjene i heile Kvam. Me samlast tre ettermiddagar for å byggja lego, syngja og høyra bibelforteljingar. Til slutt et me kveldsmat i lag.
I Strandebarm og Ålvik vert 2.-3. trinn/2.-4. trinn inviterte i lag kvart andre/tredje år på grunn av små kull. Dei som bur i Tørvikbygd vert inviterte til Strandebarm. I Øystese er Legoklubben vanlegvis på hausten, i Norheimsund på våren.
Legoklubben hausten 2025:
Øystese kyrkje: 01.oktober, 15.oktober, 29.oktober
Tilbodet er gratis.
OBS! Påmeldingsfrist 29. september!
Påmelding her
Alle døypte får invitasjon i posten frå si næraste kyrkje, men alle - døypte eller ikkje - er hjarteleg velkomne!