Legoklubben er eit populært tilbod til 2. trinn i kyrkjene i Kvam. Me samlast for å byggja lego, syngja og høyra bibelforteljingar. Til slutt et me kveldsmat i lag.
I Strandebarm og Ålvik vert 2.-3. trinn/2.-4. trinn inviterte i lag kvart andre/tredje år på grunn av små kull. Dei som bur i Tørvikbygd vert inviterte til Strandebarm. I Øystese er Legoklubben vanlegvis på hausten, i Norheimsund på våren.
Legoklubben våren 2026:
Norheimsund kyrkje: 8. mai kl. 17.30 - 19.00
Tilbodet er gratis.
OBS! Påmeldingsfrist 6. mai!
Påmelding her
Alle døypte får invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje - er hjarteleg velkomne!
Spørsmål? Ta kontakt med kyrkjelydspedagog Solveig L. Sangolt på 930 21 676
