LysVaken

Velkommen til Lys Vaken - overnatting i kyrkja!

LysVaken

Familiegudstenesta går som planlagt , men utan deltaking frå Lys Vaken - borna. Begge kora deltek. Velkommen! (oppdatert 17.10.20 kl. 19.30)

Pga. ny smittesituasjon i Kvam må me diverre avlysa Lys Vaken. Me håpar me får teke igjen arrangementet.

Velkommen til Lys Vaken - overnatting i kyrkja!

Utpå hausten vert 5. trinn inviterte til å overnatta i kyrkja! Ålvik og Strandebarm har ofte få elevar på kvart trinn, derfor slår me fleire klassetrinn saman der. Borna i Tørvikbygd vert inviterte til Strandebarm, men dei kan vera med i Norheimsund om dei heller vil det.

Øystese: Pga. dårlege fasilitetar for matlaging, toalett mm. i kyrkja vert 5.trinn i Øystese inviterte til Norheimsund kyrkje saman med 5. trinn frå Norheimsund. 

Invitasjon kjem i posten og annonse kjem i avisa. Born som ikkje er døypte eller medlem i DNK er også velkomne, men dei får ikkje personleg invitasjon i posten. 

Det går an å sove heime.

Lys Vaken 2020:

Norheimsund kyrkje: for 5. trinn i Norheimsund og Øystese 17. - 18. oktober.

Ålvik kyrkje: Lys Vaken i Ålvik kyrkje vert utsatt til våren 2021.

I Norheimsund kyrkje avsluttar me helga med familiegudsteneste kl. 11.00 der søsken og foreldre er inviterte. Barnekora Kvam Soul Children og Shine deltek, innslag ved Lys Vaken-borna, andakt ved Herdis Austevoll, biletframsyning frå helga, lovsongsband i regi av Bjørnar Sangolt mm. 

Program frå 2019 (mykje vil vera likt i 2020): trykk her

Ta med: uteklede, innesko, nattøy, sovepose, liggeunderlag, toalettsaker, håndkle og eit tomt syltetøyglas. Dei som skal sove heime kan ta med eit teppe til soveposesamlinga kl. 22.30.

Hugs!! Dei som søv heime må vera tilbake i kyrkja seinast 9.30 på søndagen. Då skal me øva til gudstenesta og leika. Kom gjerne til frukost kl. 8.30. På laurdagen kan dei bli henta litt før kl. 23.00. 

For å dekkje ekstra utgifter i år oppmodar me om å betale 100 kr., men det er ikkje eit krav for å få bli med. De kan nytta kyrkja sin Vipps: 58 34 98. Merk med Lys Vaken. Pga. hensyn til smittevern spør me ikkje foreldre om å baka/laga mat, men kjøper/bestiller mat i staden. Dette gjer at me får litt ekstra utgifter i året.

Viktig at alle som kjem er friske!

PÅMELDING IKKJE MOGLEG

Velkommen! Me gler oss til å sjå dykk!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"