Me i kyrkja har lyst å gje dei komande 1. klassingane ei fin bok i gåve for å feire skulestarten i lag med dei.
Borna vert inviterte til ei ettermiddagssamling ifølgje med vaksen, samt ei familiegudsteneste med bok-utdeling påfølgjande søndag/helg.
Alle kan koma til si lokale kyrkje. De i Tørvikbygd vert inviterte til Strandebarm. Om det passar betre å koma til ei anna kyrkje, kan de det, men hugs å gje beskjed! I Ålvik får 1. klassingane koma utpå hausten i lag med dei som skal få 4-årsbok.
Dei som er døypte får invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje døypte - er velkomne.
Program for samlinga: syngja, høyra bibelforteljing, leika og få noko godt å ete.
Tilbodet er gratis.
KOMANDE 1. TRINN 2025
Norheimsund kyrkje:
Samling: onsdag 4. juni kl. 17.00 - 18.30
Gudsteneste med bok-utdeling: måndag 9. juni (2. pinsedag) kl. 17.00
Øystese kyrkje:
Samling: tysdag 20. mai kl. 17.00 - 18.30
Gudsteneste med bok-utdeling: søndag 25. mai kl. 17.00
Strandebarm kyrkje:
Samling: onsdag 21.mai kl. 17.00 - 18.30
Gudsteneste med bok-utdeling: søndag 25. mai kl. 11.00
Ålvik kyrkje: Samling og gudsteneste til hausten. Dato ikkje satt enda. Obs! Ålvik har påmelding under 4-årsbok når datoane er klare.
Hjarteleg velkomen! Me gler oss til å sjå dykk!
Hugs påmelding seinast to dagar før samlinga!