Me i kyrkja har lyst til å gje dei komande 1. klassingane ei fin bok i gåve for å feire skulestarten i lag med dei. Borna vert inviterte til kyrkja i fylgje med vaksen. Alle i Kvam kan få utdelt boka i si lokale kyrkje. De i Tørvikbygd vert inviterte til Strandebarm kyrkje. Om det passar betre å koma i ei anna kyrkje, kan de det, men hugs å gje beskjed! 1. klassingar som er døypte får invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje døypte - er velkomne.
I juni 2023 får komande 1. klassingar i Øystese, Norheimsund og Strandebarm koma til kyrkja si til ei samling.
I Ålvik får 1. klassingane koma utpå hausten. Dei koma til ei samling ein ettermiddag, samt gudsteneste med utdeling av bok i lag med dei som skal få 4-årsbok.
Program 2023: syngja, høyra bibelforteljing, leika og få noko godt å ete.
Datoar:
Øystese kyrkje:
Førsamling: tysdag, 6.juni kl.17.00 - ca.18.30
Gudsteneste med bok utdeling: søndag 11.juni kl.11.00
Strandebarm kyrkje:
Førsamling: torsdag, 15.juni kl.17.00 - ca.18.30
Gudsteneste med bok utdeling: søndag 18.juni kl.11.00
Norheimsund kyrkje:
Førsamling: tysdag, 13.juni kl.17.00 - ca.18.30
Gudsteneste med bok utdeling: søndag 18.juni kl.17
Ålvik kyrkje (i lag med 4-årsbok til hausten)
Førsamling: datoen kjem
Gudsteneste med bok utdeling: sundag 1.oktober kl.11.00
Hjarteleg velkomen! Me gler oss til å sjå deg!