Dagens bibelord

Habakkuk 2,1–5

Dagens bibelord 10.11.2026

Habakkuk 2,1–5

1  No vil eg stå på vakt,
stilla meg på muren og speida
og sjå kva han vil seia til meg,
kva svar eg får på mitt klagemål.
2  Herren svara meg:
Skriv synet tydeleg på tavler
så det blir lett å lesa!
3  For synet ventar på si fastsette tid,
det vitnar om enden, og det lyg ikkje.
Om det dryger, så berre vent!
For koma skal det, det kjem ikkje for seint!

4  Sjå, i han er det ei oppblåsen og uærleg sjel.
Men den rettferdige skal leva ved sin truskap.

5  Sanneleg, vinen er trulaus.
Den stolte skal ikkje nå sitt mål.
Som dødsriket spilar han opp gapet,
han er umettande som døden.
Han samlar alle folkeslag hos seg,
sankar saman alle folk.

Kilde: www.bibel.no