Dagens bibelord

Lukas 18,1–8

Dagens bibelord 03.05.2024

Lukas 18,1–8

1  Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet:
2  «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske. 3  I same byen var det ei enkje. Ho kom gong på gong til han og sa: ‘Hjelp meg i saka med motparten min, så eg kan få min rett.’ 4  Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg sjølv: ‘Endå eg verken har ærefrykt for Gud eller tek omsyn til noko menneske, 5  vil eg hjelpa denne enkja til retten hennar, sidan ho plagar meg slik, elles endar det vel med at ho flyg like i synet på meg.’»
6  Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege dommaren seier! 7  Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? 8  Eg seier dykk: Han skal raskt sørgja for at dei får sin rett. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»

Kilde: www.bibel.no