Soknerådsval 2023
I samband med soknerådsvalet 2023 skal det veljast nye sokneråd i Ålvik, Øystese, Vikøy og Strandebarm. Valnemndene i dei ulike sokna er i gang med å finne kandidatar til nye sokneråd. Desse listene skal vere klare og leverte innan 31. mars 2023 kl. 12.00. Dersom andre har lyst til å stille lister med andre kandidatar enn dei som valnemndene legg fram, må også desse listene vere klare innan same fristen som valnemndene sine lister.
Vikøy sokneråd: består av 6 faste medlemmer og 4 varamedlemmer.
Strandebarm sokneråd: består av 4 faste medlemmer og 3 varamedlemmer.
Øystese sokneråd: består av 8 faste medlemmer og 5 varamedlemmer
Ålvik sokneråd: består av 6 faste medlemmer og 4 varamedlemmer