Julaftan og 1. juledag - Påmelding

Velkommen til Julaftangudstenester og Høgtidsgudstenester i kyrkjene i Kvam. På grunn av smittevernreglene har vi avgrensa med plassar i kyrkjene, derfor blir det i år påmelding til gudstenestene. Påmeldingen opnar tysdag 15. desember kl. 0900

Julaftan og 1. juledag - Påmelding

Her kan du melda deg/gruppa di på (linken blir aktiv frå 15. desember kl. 09.00). Ver vennleg og ta kontakt på mail post.kvam@kyrkja.no dersom du blir sjuk/ikkje kan møta slik at plassen kan gå til nokon andre

 

PÅMELDING TIL JULAFTANGUDSTENESTE

  • Gudsteneste i Ålvik kyrkje kl 13.00
  • Gudsteneste i Norheimsund kyrkje kl 13.00
  • Gudsteneste i Norheimsund kyrkje kl 14.00
  • Gudsteneste i Norheimsund kyrkje kl 15.00
  • Gudsteneste i Norheimsund kyrkje kl 16.00
  • Utegudsteneste ved Øystese kyrkje kl 13.30
  • Gudsteneste i Øystese kyrkje kl 15.00
  • Gudsteneste i Øystese kyrkje kl 16.00
  • Gudsteneste i Strandebarm kyrkje kl 14.00
  • Gudsteneste i Strandebarm kyrkje kl 15.00

 

PÅMELDING TIL GUDSTENESTE 1. JULEDAG

  • Høgtidsgudsteneste i Norheimsund kyrkje kl 12.00
  • Høgtidsgudsteneste i Øystese kyrkje kl 12.00

På grunn av coronaviruset og smittevern, ha me måtte gjøre om på gudstenesteprogrammet vårt denne jula. Smittevernreglane seier at me kan 50 deltakarar på kvar gudsteneste.

Me er vande med fulle kyrkjer på julaftan og me håpar at me fyller opp dei gudstenestene me har satt opp i år og. For at ingen skal kome til kyrkja og ikkje få kome inn, har me påmelding til gudstenestene julaftan og 1.juledag.

Du kan melde deg på gudsteneste på følgjande måtar:

  • Du finn påmelding på heimesida vår: www.kyrkja.no/kvam
  • Du kan sende epost til post.kvam@kyrkja.no
  • Du kan ringe til kyrkjekontoret 47483120 i kontortida (9-15, tysdag, onsdag og torsdag)
  • Du kan sende sms til kyrkjeverjen 41400035.

 

Me håpar at mange melder seg på, og at gudstenestene våre vert godt besøkt, innanfor smittevernreglane.

Me legg til rette god handhygiene, god avstand mellom folk og 2 meter avstand mellom kohortane når me sit i kyrkja, og så kjem du ikkje til kyrkja om du er sjuk.

For at flest mogleg skal få kome i kyrkja på julaftan har me fleire gudstenester enn ein vanleg julaftan, og me prøvar oss og med ei utegudsteneste. Me har plass til 50 deltakarar på gudstenestene inne og 200 på utegudsteneste, og me håpar at du finn ei gudsteneste som passar for deg.

Du finn programmet på heimesida vår: www.kyrkja.no/kvam og på Facebooksida til Den norske kyrkja i Kvam, https://www.facebook.com/kyrkjerikvam.

Så må me denne gongen og seie at gudstenestelista for jula kjem med atterhald om endringar.

Følg med her på heimesida og Facebook!

For dei som ikkje kan kome i kyrkja legg me ut ei digital gudsteneste på julaftan.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"