Tru, håp og korona

Pandemien påverkar oss på mest alle plan. Trua vår er ikkje noko unntak.

Tru, håp og korona

Det ytre handlar om at vi ikkje kan samlast. Slik saknar vi både det kristne fellesskapet og å få ta imot Ordet og nattverden. Godt er det at vi kan ta til oss av Ordet kvar for oss, men nattverden har vi ikkje hatt tilgjenge til på fleire månader. Då må vi vere takksame for dei digitale tenestene og fellesskapa på nettet som kyrkja no tilbyr, sjølv om dei ikkje er noko fullgod erstatning for det fysiske møtet med Gud og medmenneske.

Men pandemien påverkar trua vår ikkje berre ved å hindre tilgangen til nådemidla. Koronaen har påført oss ei eksistensiell krise, der vi på ein ny og overveldande måte kjenner oss truga som både einskildmenneske og samfunn. Det handlar om liv og helse, arbeid og økonomi, fellesskap og fridom, ja, tillit og tru på framtida. Såleis må vi spørje: Kvar er Gud i alt dette?

Som kristne trur vi ikkje at Gud har påført oss dette vonde. Han står såleis ikkje bak pandemien. Men han står heller ikkje utanfor denne krisa. Nei, slik vi har lært Gud å kjenne i Jesus står han i dette som vi no strevar med. Såleis Gud er hos oss, som vår med-lidar og med-kjempar, ikkje minst i denne tida.

Dette gjev oss både trøyst og håp. Trøysta ligg i at vi ikkje åleine i einsemda og uroa, eller i kampen mot sjukdom og død. Håpet ligg i at det er ikkje pandemien, men Gud som skal ha siste ordet i kampen om verda og oss. Slik er vi i trua hos han som har «makta og æra», både no og i framtida. Difor gjev vi ikkje opp, men kjempar på i tru og håp.

Dette gjer vi i tillit til at Gud gjer si gode gjerning i verda både gjennom dei som trur og ikkje-trur. Slik verkar han gjennom dei som står på i helse- og omsorgstenesta, dei som utviklar vaksinar og alle andre som no brukar så mykje tid og krefter på kampen mot pandemien. Dei takkar og ber vi for.

Ikkje minst takkar og ber vi for dei mange kristne kring om i verda som er mykje hardare råka enn oss av pandemien, men som like vel kjempar på i tru, håp og kjærleik. I dette er dei eit føredøme for oss, som er til både ettertanke og inspirasjon.

Trua gjev oss ikkje noko lettvinte løysingar. Heller ikkje gjev ho oss grunn til å fortrenge eller fornekte det vonde. Men ho gjev oss tryggleik og håp, slik at vi kan framover med frimod, i tillit til Gud, vår skapar, frelsar og frigjerar.

Sokneprest Roar Strømme

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"