Tips til ulike val brureparet har

Korleis skal vigselen leggjast opp? Paret kan gje bryllaupet sitt ein eigen personleg stil.

Tips til ulike val brureparet har

På fleire område har brureparet moglegheit til å velja. Difor bør prest/kantor og dei som skal viast, saman starta planlegginga av kyrkjebryllaupet i god tid. Her er dei viktigaste valmogelegheitene:

SKRIFTLESINGANE
Det blir lista opp ei rekke forslag i ordninga for vigsel. I praksis står heile Bibelen til disposisjon for å finna tekstar som passar for det bryllaupet det gjeld. Kva skal lesast? Er det tema som betyr noko spesielt for paret? Er det noko dei ynskjer å leggja spesiell vekt på?

Medlemar av bryllaupsfylgjet kan delta med skriftlesing. Kva ynskjer paret? Skal bror eller syster lesa? Mor og/eller far? Forlovarane? Vener? Andre i familien? Eller vil paret helst at presten skal lesa?

VAL AV MUSIKK TIL BRYLLAUP

Mange har sett for seg vigselen i lang tid før bryllaupet og har klåre ynskje og forventningar til den store dagen. Det fins mengder av informasjon og eksempel på musikk til bryllaupet på internett. For å gjere musikkvalet enklare for brureparet, har me sett opp ei liste over musikk som passar i eit bryllaup, og som passar dei instrumenta me har i kyrkjene våre. 

I Kvam ynskjer me at det blir brukt levande musikk i vigslene. 

Det er organisten som har ansvar for å godkjenna musikken som skal brukast, og det er viktig at brureparet startar dialogen med organisten tidleg, seinast 6 veker føre vigselen. Dialogen med organisten gjeld både godkjenning av musikk som inn- og utgangsmusikk,  salmar og andre musikkinnslag.

Har brureparet ynskje om musikk som ikkje står på listene våre over forslag til inn- og utgangsmusikk eller salmar, er det ekstra viktig at dialogen med organisten kjem i gang, så ta gjerne kontakt med organisten tidlegare enn 6 veker føre vigselen. Om brureparet ønskjer annan musikk enn den som er lista opp her, kan det koma ei avgift på det, då det krev ekstra planlegging og øving. Ver og merksam på at det kan vera vikarar for dei faste organistane i sommarmånadane.

MUSIKK TIL INN- OG UTGANG

Norske bruremarsjar / folkemusikk

  • Richard Nordraak: Purpose
  • Edvard Grieg: Hyldningsmasj frå «Sigurd Jorsalfar»
  • Jan Magne Førde: Bruremasj
  • Bruremasj frå Nordmøre (Øre)
  • Bruremasj frå Seljord
  • Bruremasj frå Lødingen
  • Bruremasj frå Follo

 Klassiske stykke / bruremarsjar

  • Johann Sebastian Bach: Jesus, Joy of man’s desiring
  • Georg Friedrich Händel: Alla hornpipe frå «Water music»
  • Henry Purcell: Trumpet Tune
  • Jerimiah Clarke: Trumpet voluntary
  • Felix Mendelssohn: Bryllupsmars frå «En midtsommernattsdrøm»
  • Richard Wagner: Brudekoret frå operaen «Lohengrin»
  • Pachelbel: Canon i D-dur
  • Gordon Young: «Prelude in classical style»

SALMER (Salmenummer frå Norsk salmebok 2013)

  • 001 Herre Gud ditt dyre namn å ære
  • 048 Deilig er jorden
  • 233 Kjærlighet er lysets kilde 
  • 240 Måne og sol 
  • 342 Amazing Grace 
  • 383 Jeg vil gi deg o Herre min lovsang 
  • 415 Alltid freidig
  • 440 Kom, kom og hør et gledens bud 
  • 482 Deg å få skoda 
  • 651 Kjærlighet fra Gud  
  • 655 Guds godhet sang i sinnet 
  • 666 Å leva det er å elska 
  • 678 Vi rekker våre hender frem 
  • 734 Guds kjærleik er som stranda  
  • 844 No livnar det i lundar  
  • 845 Så grønn en drakt 
  • 854 No stig vår song 
  • «Din hånd i min» av Eilert Tøsse

Deltakarane i bryllaupsfølgjet og andre kan medverka med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. Her blir gitt moglegheit for kreativitet og deltaking for å gjera seremonien endå meir personleg. Det kan her t.d. bli opna for element som understrekar den etniske bakgrunnen til paret. Der den eine part har ein annan kyrkjeleg tilhøyrsle enn Den norske kyrkja, kan det her blir opna for deltaking frå vedkommande kyrkjesamfunn.
Enkeltelementer i seremonien - som musikk, opplesning og andre innslag - skal utformast i samsvar med at eit kyrkjebryllaup er ei kyrkjeleg handling av gudstjenestelig karakter. Men det er opning for kreativitet, der dei som skal viast kan få gi seremonien sin personlege preg.

Organistane må ha god tid på seg dersom dei skal øva inn andre innslag før vigselen. Dersom dei ikkje høyrer noko innan 6 veker før, så spelar dei noko frå vigselsrepertoaret i lista vist her.

Bryllaupsmesse
I Den romersk-katolske kyrkje blir alltid feira eit kyrkjebryllaup som ein messe, dvs. at det inngår nattverd i kyrkjebryllaupet. No har det òg vorte mogleg i Den norske kyrkja. Ynskjer paret ei bryllaupsmesse?

For val av ekteskapsløfter, overrekking av ringane, forbøn og prosesjon, sjå under  "Personleg preg på vigselen"

Kyrkjene våre

Er de ikkje kjende i Kvam sine kyrkjer, så kan de finna bileter og informasjon om kyrkjene våre i link nederst her.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"