Dagens bibelord

Salmane 103,13–22

Dagens bibelord 13.11.2026

Salmane 103,13–22

13  Som ein far er mild med sine born,
er Herren mild med dei som fryktar han.
14  For han veit korleis vi er skapte,
han kjem i hug at vi er støv.

15  Dagane mennesket får, er som gras,
det blømer som blomen på marka.
16  Når vinden fer over han, er han borte,
staden han stod på, veit ikkje lenger av han.

17  Men Herrens miskunn er frå æve til æve
over dei som fryktar han.
Hans rettferd når til barneborn,
18  til dei som held hans pakt
og kjem i hug hans bod,
så dei følgjer dei.

19  Herren har reist si trone i himmelen,
han rår som konge over alt.
20  Velsign Herren, de hans englar,
de sterke heltar som lydige set hans ord i verk.
21  Velsign Herren, alle hans hærar,
de tenarar som set hans vilje i verk.
22  Velsign Herren, alle hans skapningar,
overalt der han rår.
Velsign Herren, mi sjel!

Kilde: www.bibel.no