Ta del i messa!

Når du er til stades på ein gudstjeneste er du saman med heile menigheten invitert til å ta aktivt del i alt som skjer. Men i ei messe treng me og nokon som har særskilde roller, og me treng friviljuge og ansatte til å fylle dei!

Ta del i messa!

Døme på roller ein kan ha i gudstenesta, er

Musikar
Speler du eit instrument, eller syng du i dusjen? Me er glade for friviljuge bidrag til musikken enten du vil mere med og lyfte felles song og tilbeding eller bidra med soloinnslag.
Forbeder
Ein forbeder kan t.d. vere med og be for gudstenesta, lese felles bøner eller be for einskildmenneske som ynskjer det.
Vertskap
Likar du å få folk til å føle seg velkomne er dette ein rolle for deg. Rolla kan t.d. innebere å helse i døra, hjelpe til med praktiske ting eller lage eller servere kyrkhjekaffe.
Ministrant
Ein ministrant assisterer presten i ulike liturgiske oppgåver som t.d. å tenne lys, dele ut nattverd, lese bøner og bibeltekster.
Klokkar
Klokkar er ein ministrantrolle med lange røter i norsk kyrkjetradisjon. Ein viktig oppgåve for klokkaren var å leie salmesangen i kyrkjelyden, og klokkaren blei då ofte berre kalt kyrkjesongar. I dag har klokkeren i tillegg til ministrantoppgåver ansvar for å ynskje velkommen og gje praktisk informasjon om gudstenesta. Det er og klokkaren som les den innleiande "samlingsbøna", og har ansvar for kunngjeringane. 
Teknikar
Me nytter lydanlegg på alle gudstenester, og på familiegudstenester også bilde på skjerm. Likar du å skru på knottar og trykke på taster er du velkommen!
Dekorasjon
Likar å jobbe med visuelle uttrykk? Kva med å pynte kyrkja på ein måte som høver til dagens gudstjeneste?

... og kom du no på ein rolle som du har lyst å ha som ikkje står på denne lista; ikkje vær redd for å melde interesse!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"