Tilbod for born

Me ynskjer å gje borna det dei treng av omsorg og kjærleik, og opplæring i den kristne trua.

To barn holdes høyt opp i været av sine foreldre. De er på babysang og opplever å være nært andre mennesker og bli kjent med kirken.
Babysong
Småbarnstreff med babysong er eit tilbod til alle foreldre eller besteforeldre som er heime på dagtid med eitt eller fleire born i alderen 0-3 år. Song, leik og formiddagsmat for dei minste på misjonshuset kvar torsdag kl 11-13.
Kviteseid barnegospel
Kor for born frå førskule til 3. klasse. Sangglede, andakt, leik og litt å bite i. Annakvar torsdag kl 17-18 på misjonshuset.
Unge Røyster
Kor for born frå 4. og 5. klasse. Annakvar torsdag kl 17-18 på misjonshuset.
Tweensklubben
Klubb for 5.-7. klasse på misjonshuset. Ein fredag i månaden frå kl 18-20. God mat, andakt, leik, spel aktiviteter og kiosk.
Kviteseid MSK speidargruppe
Speidaren har møte annankvar måndag kl 18 på speidarplassen ved elva mellom gamle Syftestad camping og Lie sag. I tillegg reiser dei på mange turar. Frå 5. klasse og oppover.
Idrettsgruppe på Kvitsund
Idrettsgrupper for born frå 1.-4. klasse. Bli med og ha det moro med ulike idrettar og leikar i gymsalen på Kvitsund! I pausa er det andakt og kake. Annankvar tysdag kl 17.30-18.30.
Mi kyrkjebok
Om hausten det året ein fyller 4 år, blir ein invitert til messe for å få "Mi kyrkjebok". Før gudstenesta har me ei samling i fylgje med vaksen. Då er det "undretur" for å bli betre kjent i kyrkja og lære om kva som skjer der. Me syng, leiker og har aktivitetar.
Adventstreff for 5-åringar
Like før advent det året ein fyller 5 år, blir ein invitert til messe for å få ein adventskalender. Før gudstenesta har me ei samling, gjerne saman med ein vaksen, der blit kjent med adventskalenderen. Me har og forteljing, song, drama og leik.
Tårnagenthelg
Tårnagenthelg vert arrangert om vinteren annakvart år, og er for alle 3. og 4. klassingar. Borna skal saman løyse oppdrag og mysterier gjennom bibelforteljingar og utforsking av kyrkjebygget og klokketårnet.
Lys vaken
Annankvart år inviterer me til eit overnattingsopplegg i kyrkja for 5. og 6.-klassingar på fyrste sundag i advent. Her skal borna få inspirasjon til å vere lys vakne for seg sjølve og andre og reflektere over kven Jesus er.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"