Tekne på senga med diakonipris

Gjennom Diakonisamatbeidet i Vest- Telemark har ein dei siste tretti år delt ut ein Diakonipris. Lista over dei dei som har fått påskjøninga er ei heil lita kyrkjehistorie. Her finn lokale diakonidamer, lokalavis, ein postmann, fleire kafear, og no også eit countryband.

Bilde av bandmedlemmene i No Boots og leiar i diakonatet Oscar J Garnes

På Diakonisamlinga for Vest- Telemark ( sundag 16.april) spela bandet No Boots til songane, og i samband med kunngjeringane bad leiar for Diakonatet i Vest- Telemark Oscar J. Garnes bandet kome fram for å ta imot Diakoniprisen for 2023.   

Dette var aldri i mine tankar, me vart teke heilt på senga, sa leiar for bandet Jan Gunnar Haugen,  då han tok imot prisen.

I grunngjevinga for prisen heiter det: 

No Boots har alltid vore  lette å be  å be på diakonale samanhengar. Ein viktig bit av diakonien er fellesskap, det gjer No Boots i rikeleg monn. Gjennom musikken samlar dei folk, og forløyser tankar og tonar i glede og sorg. Det starta med Johnny Cash – messe i Vinje kyrkje for mange år sidan. Elles har dei delteke på Bispevisitas i Vinje, Diakonisamling på Dalen ( 2012) støttekonsert for Skogsleiren i Fyresdal før nedlegginga. Delar av bandet har i fleire år spela ved avslutninga av pilegrimsvandringane i Rødal. (Vandring mot fridom, Å vandre med håp).

Tidlegare Diakoniprisvinnarar:

År Vinnar Heimstad
1994 Gotfred Rekkebo (post mortem) Nissedal
1995 Vest-Telemark Blad Kviteseid
1996 Kirkens SOS i Telemark  
1997 Nattcaféen i Treungen Nissedal
1998 Anna Midtgård Kviteseid
1999 Kari Veum Nissedal
2000 Bjørn Hove Møsstrond, Vinje
2001 Kirsti og Magne Skjæveland Kviteseid
2002 Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal Fyresdal
2003 KFUM-speidarane i Vinje og Edland Vinje
2004 Waldenstrøm Kafe Kviteseid
2005 Oddvar Ripegutu Søgne
2006 Arthur Haugen Tokke
2007 ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark Kviteseid
2008 Leif og Signe Sølyst Fyresdal
2009 Tusen Stjerner Tokke
2010 Else Ibrekk Kviteseid
2011 Martha Tveit Nissedal
2012 Gunstein Seltveit Tokke
2013 Kari Bjåen Vinje
2014 Bønefelleskapet i Rauland Vinje
2015 Kjell Lindheim Kviteseid
2016 Gudny Lid Unhjem Vinje
2017 Inger Johanne Aaheim Nissedal
2018 Kakeringen Vinje
2019 Tilsette og innsette i Arendal fengsel avdeling Kleivgrend Fyresdal
2020 Kvendelaget i Åmot, eit økumenisk- diakonal tiltak som driv hjelpearbeid i Aust- Europa  
2021 Yngres i Vrådal Kviteseid
2022 Liv Kjellfrid Lia Nissedal
2023 No Boots Kviteseid
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"