Kongsberg Storband til Kviteseid kyrkje

Truleg har det ikkje skjedd før, men fredag 28. juni kl 19 blir det storbandmusikk i Kviteseid kyrkje! Det er Duke Ellingtons verk "Sacred Concert" som framførast av Kongsberg Storband, songar Anne-Carolyn Schlüter og prosjektkor.

Kongsberg Storband til Kviteseid kyrkje

Mange kjenner Duke Ellington som ein av dei store legendene i jazzmusikken. Det ikkje alle veit, er at han skreiv eit heilt unikt tredelt kyrkjemusikk-verk for storband og kor mot slutten av karrieren sin: Sacred Concert. Dette er eit verk hvor jazz og klassisk blir blanda på ein heilt spesiell måte. Sacred Concert blir omtalt som eit mesterverk, og det inneheld både rytmisk, draumande, vakker og fengjande musikk. Ellington var djupt kristen, og tekstane og musikken er prega av den amerikanske gospeltradisjonen.

Konserten er ein unik mogelegheit til å høre utdrag av dette verket fremført av ei framifrå solist, eit samspilt storband og eit håndplukka kor sett saman for anledningen.

Mezzosopranen Anne-Carolyn Schlüter har opptrådt på scener over heile verda, og bl.a. jobba med Sir Colin Davies i Madrid og turnert med Claudio Abbado gjennom flere italienske operahus, The Edinburgh Festival og på Festspielhaus Baden-Baden. Repertoaret hennar er breidt og ho utforsker stemmen og stemmebruk i ulike sjangre.

Dirigent for prosjektet er Bjørn Bogetvedt. Han er utdanna frå Norges Musikkhøyskole og har vore tilsett som eufonist i Marinemusikken frå 1984 - 2017, berre avbrote av to år som rektor ved Kongsberg Kulturskole. Han har også dirigert mange ulike ensembler, både amatører profesjonelle. I perioden 2017 – 22 var han dirigent for Gardemusikken.

Bilettar kan du kjøpe her.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"