Skapingsdagane 2026 nærmar seg...

Hei 1.- eller 2.-klassing! Er du klar for å vere med å SKAPE 24.-26.juni? Påmeldinga opnar fyrst i månadsskiftet april-mai, men her kan du lesa meir!

Foto: Iselin Svanevik Skoglund
Foto: Iselin Svanevik Skoglund

 

Dei tre fyrste sommerferiedagane, onsdag 24. til fredag 26. juni, inviterer Os kyrkjelyd til Skapingsdagar for born som er fødd i 2018 og 2019. Invitasjon er no sendt i posten til alle døypte i Os i desse årskulla, men alle er velkomne til å delta!

Kurstilbod og påmeldingsskjema er enno ikkje opna, men vil bli klart her på nettsidene våre i månadsskiftet april-mai.

Merk av datoar i kalenderen, og følg med for oppdatering!

 

Kva er skapingsdagane?

Skapingsdagane er tre dagar med skaparkraft!

Borna vel éin av dei tre kurspakkane under.

Kurspakke 1

Klovneskule

Vi skal leike, tøyse, le og ha det skikkeleg gøy saman! Vi lagar tøysete rørsler, øver på å snuble og undersøker korleis vi kan få andre til å le. Du lærer òg nokre enkle trylletriks. Har du eit morosamt trylletriks på lur som du vil vise fram? Ta det med på klovneskulen!

Hobbygruppe

Bli med på hobbygruppe og lag flotte, kreative ting med eigne hender. Vi dekorerer steinar, gjer ulike hobbyaktivitetar og brukar fantasien til å skape. Likar du å vere kreativ og forme ting med hendene dine, er dette kanskje gruppa for deg.

Kurspakke 2

Trommer

Bli med på trommekurs med Trommelars (Lars Kolstad)! Lars har med seg massevis av trommer som du skal få prøve deg på. Vi utforskar rytmar og høyrer korleis det blir når vi saman spelar på kvar vår tromme eller rytmeinstrument. Saman leikar vi oss med musikk og skapar noko i lag. Likar du musikk og rytmar, kan dette vere gruppa for deg.

Insektshotell

Bli med og lag insektshotell for bier, veps og andre insekt! Vi fyller hotellet med konglar, kvistar og andre ting som insekt likar. Vi skriv med svipenn og pyntar hotellet slik du sjølv vil. Etter at skapingsdagane er ferdige, kan du ta med deg insektshotellet heim og henge det opp i hagen eller på verandaen.

Kurspakke 3

Måling og gatekunst

Har du drøymt om å lage gatekunst? No har du sjansen! Saman med ein ekte gatekunstnar lagar vi eit stort, fargerikt kunstverk. Dish kjem frå London og bur i Bergen. Ho har prega bybiletet i Bergen med sine fargerike og sterke kunstverk, og no kan du vere med og skape ein vegg saman med ho og mange andre born. I tillegg får du måle ditt eige bilete på lerret, eksperimentere med fargar og uttrykk, og ta med deg lerretet heim når kurset er over.

Dans

På dansegruppa skal vi danse, leike og bevege oss til rytmar! Vi lærer nye rørsler og dansar til musikk. Enten du er van med å danse eller vil prøve det for første gong, er du veldig velkomen til å bli med.

Dyktige kursleiarar støtter arbeidet fram mot utstilling og framsyning på dag 3, der foreldre og andre kan oppleve "Skapingsgudsteneste" på Kyrkjeflaten og sjå kva vi har skapt i lag. 

 

Dagsrytmen:

09.00:      Registrering og morgonsamling i Os kyrkje
09.30:      Skapingsøkt
11.30:      Lunsj og leik - Borna tar med matpakke. Dei får drikke og frukt.
12.30:      Skapingsøkt
15.00:      Slutt. Barna hentes i Os kyrkje.

Kven? Born fødd i 2018 og 2019 (1. og 2. trinn)
Når? Onsdag 24. - fredag 26. juni 2026
Kva? Tre dagar med skaping, undring og leik i lag!  

Gruppene blir leia av erfarne kunstnarar, men kanskje du som vaksen har lyst til å vera med?

Vi treng frivillige til å:

  • Hjelpe til på eit av kursa — 1, 2 eller 3 dagar.
  • Vere lunsjvakt (kl 11.15-12.45 kvar dag)

Kanskje har barnet besteforeldre som vil hjelpa til?
Skriv deg/dei inn ved påmeldinga. På førehand takk for hjelpa!

Det vil vere ein deltakaravgift på dette arrangementet på ordinær kr. 600. Ingen skal likevel måtte utebli grunna økonomi. Har de utfordringar med å betale kontingenten, trengst inga forklaring - ikkje nøl med å ta kontakt med dagleg leiar Sigurd Rotvik Tunesveit.

Om barnet ditt har behov for individuell oppfølging / tilrettelegging er det svært viktig at de melder frå om dette på førehand. Skriv kommentar ved påmelding eller ta kontakt, så vil vi gjere vårt beste for at ditt  barn får ei god oppleving!

Vi gler oss til å dele desse dagane med deg!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"