Kjære deg som mottek dette nyheitsbrevet frå Os kyrkjelyd !
Er det mogleg å starte eit nyheitsbrev på ein meir upersonleg måte? Kanskje, kanskje ikkje. Vi som er avsendarar ønskjer i alle fall at det skal vera god informasjon om livet i Os kyrkjelyd i desse nyheitsbreva som vi no startar å senda ut på e-post på fredagar. Vi håpar at brevet vil vera god lesnad, og at du vil vere med å spreie ordet om at alle kan melda seg til å motta brevet. Foreløpig kan det bli gjort ved å senda ein e-post til post.os@kyrkja.no, men etterkvart vil vi og få på plass ei elektronisk påmelding.
Innhald i nyheitsbrevet:
- Oversikt over helgas gudstenester
- Oversikt over søndagens bibeltekster med utdrag.
- Oversikt over aktivitetar og arrangement i kyrkjelyden framover
- Annan informasjon frå sokneråd og stab
Gudstenester søndag 19. april. 3. søndag i påsketida
- Os Kyrkje kl 11
Gudsteneste med dåp og nattverd v/ kapellan Jostein Enger og kantor Irina Tarasova. Musikkinnslag av Sara Troland (Fiolin), elev ved Kongshaug musikkgymnas
- Ervikane kl 11
Friluftsgudsteneste v/ sokneprest Roar Hallesby Evjedal. Samarbeid med speidarane som markerer St. Georgsdag. Familiespeidardag etter gudstenesta.
- Tunet kl 17
Søndagssamling for menneske med utviklingshemming og alle andre, v/ prostiprest Svante Havåg og søndagssamlingsbandet. Kyrkjekaffi er ein sjølvsagd del av søndagssamlinga!
Søndagens Bibeltekstar
- Esekiel 34, 11-16
Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde. Styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis (Es 34, 16)
- Første Petersbrev 2, 20-25
De var som sauer som hadde gått seg vill, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar (1 Pet 2, 25)
- Johannes 10, 11-18
Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik Far kjenner meg og kjenner Far. Eg set livet til for sauene (Joh 10, 14-15)
Det skjer i kyrkjelyden veke 17:
- Allereie fredag 17.04. kan du få med deg JoinUs sitt vårshow “To liv – same lengsel” i Tunet kl. 19.00
- Tysdag 21. april
Tunet kl 09-15: Open barnehage
Nore Neset kyrkje kl. 11.30: Seniortreff
- Onsdag 22. april
Tunet kl. 12: Strikk til Tunet
Os kyrkje og Tunet kl. 19: Avslutningssamling for konfirmantkullet 2025/26
- Torsdag 23. April
Babysong-gruppa frå Nore Neset tek turen til Luranetunet klokka 10.
Tunet kl. 11.30: Senior-Koinonia
Tunet kl. 17: Språkkafé
Tunet kl. 18: Opent planleggingsmøte til Regnbogegudsteneste 18/6
- Fredag 24. april
Os aktiv kl 18: KRIK Os. For ungdom frå 8. klasse og oppover.
- Søndag 26. april
Os kyrkje kl 11: Gudsteneste
Tunet kl 17: Musikalen Stå opp med KOReDU
Tunet kl 19: Pizza og Bibel 13-15 og 16+
Informasjon frå soknerådet
- Om handsaming av kontantoffer
På møte 26. mars vedtok soknerådet at kontantar som kjem i inn i forbinding med offeret i gudstenestene skal gå til kyrkjelyden, og ikkje det oppsette offermålet. Det viser seg at det kjem inn lite kontantar, og når vi trekk frå gebyret til handsaming av kontantane blir beløpet vi sender vidare til oppsett offermål, t.d. Misjonsselskapet eller Kirkens SOS nærast halvert. I heile 2025 kom det inn om lag 4000 kroner i kontantar til desse føremåla. Ved å samla opp beløp frå fleire gudstenester vil vi spara mykje i gebyr. Offer via Vipps vil framleis gå til oppsett offermål. Kontantar som kjem inn i større gudstenester som julaftan, Kongshaugdagen og fasteaksjonsgudstenesta vil framleis gå til oppsett offermål, då det ofte kjem inn meir kontantar på disse gudstenestene enn ein vanleg søndag.
Vi ønskjer alle ei god helg!
