Vedlikehald på gravplassane – litt annleis i år

Gravplassane i Øygarden er viktige stader for minne, ettertanke og omsorg. Difor legg vi stor vekt på at desse stadane skal opplevast som velstelte og verdige. Men i år vert vedlikehaldet noko annleis enn mange er vande med.

En robotgressklipper går på gresset mellom gravstøtter, det er sol, i bakgrunnen ser vi et brunt bygg.

Øygarden kyrkjelege fellesråd har ikkje fått kompensasjon for løns- og prisvekst i årets budsjett. Dette inneber ei reell innstramming i rammene for den samla kyrkje­lege verksemda, også for drifta av kyrkjegardane. Vi har difor færre fast tilsette og færre sommar­vikarar enn tidlegare, og må prioritere hardare enn før.

Dette betyr at graset kan verte høgare enn vanleg før det vert klipt, og at kantklipping rundt gravminne berre vil skje når vi har kapasitet til det. Vi oppmodar difor alle som steller ei grav, til sjølv å klippe litt rundt gravminnet dersom ein har høve til det. Mange gjer dette allereie, og det er eit verdifullt bidrag til fellesskapen.

Vi minner òg om at avfall må sorterast rett. Bioavfall høyrer heime i spann merka med dette, medan plastpotter, lys og restavfall må kastast i eigne behaldarar. Feilsortering skapar ekstraarbeid og kostnader, og belastar ei allereie pressa drift.

På nokre av kyrkjegardane har vi no fått robotklipparar. Desse gjer ein god og effektiv jobb, og vi ber alle om å la dei få gjere arbeidet sitt uhindra.

Til slutt vil vi minne om noko viktig: Det er ikkje kyrkje­gards­arbeidarane som bestemmer budsjettrammene. Dei gjer så godt dei kan med dei ressursane dei har. Vis respekt og forståing, og hjelp oss å ta vare på grav­plassane våre, slik at dei framleis kan vere gode stader å oppsøke i sorg, minne og takksemd.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, onsdag og fredag
kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"