H.M. Kong Harald er død, 89 år gamal. Nasjonen er i sorg og kjenner på djup takksemd. I dagane fremover opnar kyrkjer over heile landet for alle som ønskjer å komme inn for å tenne eit lys, vere saman i sorga eller snakke med kyrkja sine tilsette.
– Det er naturleg å opne kyrkjene i denne spesielle tida for landet vårt. Det kan vere godt å komme saman i kyrkjene, enten ein vil tenne eit lys, be ei bøn eller snakka med nokon.
Det seier Den norske kyrkja sin leiande biskop, Olav Fykse Tveit. I dag sendte han ut oppfordring til kyrkjelydane om å opne kyrkja.
I Øygarden vil kondolanseprotokollen ligge i Foldnes kyrkje.
Det vil vere mogleg å komme med teikningar i kvar av kyrkjene, når dei er opne.
Det er opent for å legge ned blomar utanfor kyrkjene, men vi ber om at det ikkje blir tent levande lys ute.
(Artikkelen kan bli oppdatert med fleire opningstider.)
Opningstider:
Fredag 28. august:
- Foldnes kyrkje kl. 18-21
- Blomvåg kyrkje kl. 18-21
- Sund kyrkje kl. 18-21
Laurdag 29. august:
- Foldnes kyrkje kl. 12-18
Søndag 30. august:
- Foldnes kyrkje kl. 12-14 (i etterkant av gudstenesta)
- Hjelme kyrkje kl. 12-14 (i etterkant av gudstenesta)
- Fjell kyrkje kl. 13-15
- Kausland kyrkje kl. 12-14 (i etterkant av gudstenesta)
