I Den norske kyrkja i Øygarden markerte vi dette med ein temakveld om sorg torsdag 23. oktober i Foldnes kyrkje. Tema for kvelden var å vere pårørande etter sjølvmord, og vi hadde leiaren for LEVE Bergen, Tore Hufthammer, med oss som fortalde både om eigne erfaringar, og om organisasjonen LEVE. Eit tema som er så vondt og så viktig å tørre å setje på agendaen.
Vidare fekk deltakarane informasjon om sorggruppe som vi starta opp 4. november. Sorggruppe-deltakar frå i fjor informerte om korleis vedkommande hadde opplevd å vere med i gruppa. Eit ærleg og rørande innblikk i vedkommande si sorghistorie. Kreftkoordinator, Inger Fosse, som er ein av gruppeleiarane, gav praktisk informasjon om sorggruppe. Ein meiningsfull kveld til ettertanke og nye refleksjonar.
Laurdag 1. november delte diakonane ut lys på fire kjøpesenter; Sartor Senter, Sund Senter, Ågotnes Torg og Rong Senter. Over 800 lys vart delte ut, og diakonane fekk gode og viktige samtalar med fleire forbipasserande. Vi fekk også delt ut sorgbrosjyrar. Eit viktig tiltak der vi møter menneske utanom kyrkjeromma og på våre arenaer. Takk til sentera for at vi fekk komme og dele ut lys.




Søndag 2. november var det allehelgensgudstenester i alle sokn. Foldnes kyrkje, Fjell kyrkje, Landro kyrkje og Sund kyrkje hadde gudsteneste om formiddagen og i Hjelme kyrkje var det kveldsgudsteneste. Kausland hadde open kyrkje med roleg musikk og høve til å tenne lys. Det er minnemarkeringar for alle som er gravlagde sidan førre allehelgen på desse gudstenestene, og næraste pårørande er særleg inviterte. Eitt lys for kvar person som har gått bort vart tent, og alle lysa enda til slutt i ein krossformasjon.
Ei viktig markering for dei pårørande, for alle som har opplevd sorg og for kyrkja.





