Festeavgift

Har du spørsmål om festeavgift, ta kontakt med oss.

Busette i kommunen, fri grav og festeavgift

Avdøde personar med bustadadresse i Øygarden har rett til fri grav i ein periode på 20 år. Dersom ein ønskjer ei grav ved sida av (festa grav/dobbelgrav) må ein betale festeavgift for den grava frå første dag. Når ein fester ein grav ved sidan av betaler ein festeavgift for 20 år, deretter kvart 5. år. Når grava ved siden av vert teken i bruk har også denne personen rett på fri grav i 20 år. Dersom det allereie er betalt for eit antal år vil neste forfall verte forskyvd framover i tid, tilsvarande den tid som det er betalt for. Når frigravsperioden er ute for siste gravlagde, betaler ein festeavgift for begge gravene. For gravplassar med gravlegging i to høgder skal det ikkje betalast festeavgift for grav nr. 2 frå første dag. jfr. Forskrift til gravferdslova § 18. 

Dersom pårørande ønskjer å bruke ei anna grav enn den dei får tilvist, det vil i praksis seie at ein ønskjer bruke opp att ei gammal grav, vil dette verte ei festegrav som ein må betale festeavgift for frå dag 1, sjølv om avdøde var busett i kommunen.

Busette i annan kommune

Avdøde personar med bustadadresse i ein annan kommune, kan bli gravlagt i Øygarden. Ein må då betale kostnadar med gravlegging og festeavgift frå første dag.

Fakturering av festeavgift

Fakturering skjer i 5-årsbolkar og går automatisk. Festar treng difor ikkje kontakte kyrkjeleg fellesråd når det gjeld fornying av feste. Ubetalt faktura vert purra. Dersom festeavgifta ikkje vert betalt vil grava til slutt verte sletta, med førehandsvarsling.

 

Avgift for feste / leige av grav pr. år Gebyr 2025 
Festeavgift urnegrav/ barnegrav  485
Festeavgift kistegrav  690
Festeavgift for urnegrav i namna minnelund  190
Festeavgift for graver over 60 år  1 130

 

Avgift for leige / festegravstad ved sida av  
Festeavgift, 20 år kistegrav  13 800
Festeavgift, 5 år kistegrav  3 450
Festeavgift for urnegrav i namna minnelund 5 år  950
Festeavgift, 20 år, urnegrav  9 700
Festeavgift 5 år, urnegrav  2 425
Festeavgift 20 år, reservert grav namna minnelund (resevert plass ved sidan av)  3 800

 

Avgift for gravstad for avdød som var busett utanfor kommunen  
Utanbygds avgift for urnegrav 20 år  9 700
Utanbygds avgift for urnegrav 5 år  2 425
Utanbygds avgift for kistegrav 20 år  13 800
Utanbygds avgift for kistegrav 5 år  3 450
Utanbygds avgift for anonym urnegrav 20 år  2 185
Utanbygds avgift for urnegrav i namna minnelund 20 år  3 800
Utanbygds avgift for barnegrav 5 år  2 425
 
Alle personar som ved dødsfallet hadde folkeregistrert bustad i Øygarden kommune har frigrav i 20 år, uavhengig av kva grav som vert brukt.
 
For festa grav ved sida av vert det kravd inn festeavgift frå dag ein. Avgifta vert kravd inn første gong for 20 år, deretter kvart 5. år. Frigravsperioden vert sikra ved at forfallstidspunktet vert forskyvd med 20 år når grava vert teken i bruk.
 
 
For avdøde busett utanfor kommunen, er det ikkje frigrav. Festeavgift vert kravd inn første gong for 20 år, og deretter kvart 5. år.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"