Før gudstenesta starta, fekk treåringane pynte eit eige hjarte med namn og klistremerke. Desse bar dei med seg inn i prosesjonen og hengde opp på ein flott blå velurduk som hang ned frå preikestolen.




Det første lyset i adventsstaken vart tent av ein av årets konfirmantar. Konfirmantane bidrog òg aktivt i gudstenesta med lystenning og ved å styre tekst og bilete på veggen.
Under gudstenesta fekk alle treåringane komme fram til kyrkjelydspedagog Karianne og sokneprest Per, der fekk dei utdelt si eiga fine adventsbok. Nokre torde å komme fram åleine, medan andre kjende at dei trengde ei trygg hand å halde i. Under preika fortalde presten frå boka, om alle dyra som fekk kome i ly inne i ein stall, og om ei mor, ein far og ein liten baby som vart fødd i den same stallen. Barna kunne følgje med i bøkene sine medan presten fortalde.






Mot slutten av gudstenesta fekk dei barna som ville, komme fram til presten og vere med på å lyse velsigninga med opne armar.
Etter gudstenesta vart alle ønskte velkomne til ei deilig kyrkjekaffi i den nyoppussa kyrkjelydssalen. Her stod eit bord fylt med mange ulike kaker, saft og kaffi. Treåringane og dei yngste barna fekk også velje mellom gele og sjokoladepudding, noko som vart ekstra stas. Det var òg sett opp ein hobbystasjon bakerst i salen, med glitter, teiknesaker, armbandsutstyr og klistremerke barna kunne lage ting med.
Det vart også ei markering for Søgnie Nilsen, som har arbeidd som kyrkjelydspedagog i kyrkja i ti år, og som no har overlate stafettpinnen vidare. Det vart halde nokre talar, frå mellom anna soknerådsleiar og seksjonsleiar for barn og unge, og det vart delt ut eit par gåver. Tusen takk for alt det gode arbeidet Søgnie har gjort, ein trygg og strålande rettleiar for dei yngre gjennom mange år.




