Fullt hus på allsongkveld

Tysdag 23. september var det duka for haustens første allsongkveld eller songkafé i kyrkjestova i Foldnes kyrkje. Dette er ei ganske uformell samling der vi ikkje her noko anna program enn å synga saman under leiing av stødige forsongarar med pianokomp.

Publisert:

Fullt hus på allsongkveld

Midtvegs i programmet er det ein pause med god tid til mat og samtale. Det var så godt som fullt hus i kyrkjestova, og stemninga var særdeles god.

En mann serverer seg fra et bord med ulik mat, vaffler og foccatia. mennesker sitter rundt bord i bakgrunnen

Nytt denne gongen var at vi delte sangstunda opp i ulike bolkar etter musikkstil, vi var innom både amerikansk, svensk og norsk gospel, salmar, bedehussongar, nokre gode gamle songar frå Mads Bergs skulesongbok, og litt countrygospel. Det var ganske stor variasjon i sangutvalet, med Blåmann Blåmann bukken min og You're the inspiration (Chicago) som ytterpunkt.

I tillegg hadde vi ein ny variant denne gongen med ein bolk der folk kunne ønska seg nokre songer frå ei liste med alt vi har hatt på repertoaret, noko som skapte ekstra engasjement i ei allereie engasjert forsamling.

Neste allsongkveld er tysdag 18. november, hald av kvelden og bli med på eit kjekt fellesskap! 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"