Historia, tradisjonane og verdiane som kyrkja er bygd på, fekk nytt liv, og la eit godt grunnlag for framtida. Det vart ei veke som inspirerte, rørte og samla, og ei veke med mange gode minner.
Frå vandring til vakker song
Feiringa starta søndag 31. august med opning av jubileumsveka og jubileumssti. Folk i alle aldrar vandra frå Hjelme kyrkje til den gamle kyrkja ved Skipevika, med vandrestavar og nistepakke i sekken. Sokneprest Espen Tveten opna stien, og stemninga var høgtidleg og god.
Om kvelden var det storslått opningskonsert med Kor i Øygarden, Aud-Karin Lønvik og Øystein Steinsland. Sjølve opninga av jubileumsveka og kulturverndagane var ved ordførar Tom Georg Indrevik. Publikum fekk nyta alt frå salmar og viser til pop og gospel, og song med på kjende tonar som «Kyrkja ho er eit gamalt hus».
Foto: Vigleik Brekke, Øygarden kommune





Elevane tok del i historia
Tysdagen var det Tjeldstø skule sin tur til å markera jubileet. I prosjektet Kultur i skulen gjekk elevane den same stien som mange hadde gått sundagen før, og fekk oppleva både historie, mattradisjonar og det gamle naustmiljøet ved kyrkja. Humøret var på topp, sjølv om regnet silte ned. Det vart ein lærerik og levande dag, med kulturformidling i frisk luft og flotte omgjevnader.
Foto: Alf Alden




Kake, dikt og bygdefellesskap
Onsdag kveld møttest mange til kulturkveld og basar i Hjelme kyrkje. Her var det ekte bygdestemning med kaffi, kaker, allsong og loddtrekning. Bjørn Sæle las dikt, og Mari Askvik song for ein lydhøyr forsamling. Ein kveld prega av varme, fellesskap og glede over det kyrkja og bygda har vore, og framleis er.
Unge talenter strålte
Fredagen stod dei unge i sentrum. Under denne kvelden deltok både solistar frå kulturskulen, Øygarden skulemusikkorps og Karen-Oliva Solheimslid. Solistane imponerte med flott song og gitarspel, og kyrkja vart fylt av musikalsk glede og engasjement. Publikum fekk òg delta med allsong, og det vart ei lys og lovande start på helga.
Foto: Yngvild Mørner Sørheim







Ein dag for historia
Høgdepunktet i jubileumsveka kom sundag 7. september. Nokre starta dagen med vandring frå Hjelme kyrkje, og andre starta i Hellesund der robåtar venta. Båtane frakta presten langs sjøvegen til kyrkja, slik det vart gjort for 150 år sidan. Presten var kledd som i gamle dager, med svart prestekappe og kvit pipekrage. Ein historisk gest som var veldig flott å sjå.
På kaia i Hjelme stod bygdefolket klare til å ta imot. Kyrkja var fullsett då jubileumsgudstenesta starta, med Øygarden kyrkjebrass som musikalsk ramme. Etterpå venta kyrkjekaffi i og rundt nausta i strålande sol, med både salt og søtt, og ikkje minst godt lag.
Den kulturhistoriske avslutninga med song, historier og helsingar sette eit flott punktum for jubileumsfeiringa. Dette vart ei veke som vil bli hugsa som ei feiring av både tru, tradisjon og framtidstru.
Foto: Yngvild Mørner Sørheim























