Blomvåg kyrkje var fylt til siste stol då kyrkjelyden hadde sin årlege haust-fellesskapskveld. Gjest denne kvelden var Hein Kvalheim, som fortalde si sterke historie om korleis han hamna i rullestol etter ei motorsykkelulukke i ungdomen. Men ulukka tok ikkje frå han livsmotet, sjølv om han må leve med sine avgrensingar.

Ei stor hending i livet hans var då han deltok i TV-programmet Ingen grenser. Med Odd-Bjørn Hjelmeseth som leiar, fekk han vere med på ei krevjande og fantastisk ekspedisjon. Bodskapen hans var klar: Uansett livssituasjon er vi alle viktige og har mange moglegheiter til å bety noko for andre.
Trua på Gud er òg viktig for Hein. Han delte ei bøn som har hatt stor betydning for han, og som forsamlinga gjerne kunne lære seg:
« Gud, gi meg sinnsro til å akseptere de ting jeg ikke kan forandre, mot til å forandre de ting jeg kan, og forstand til å se forskjellen»
Gospel Teens deltok òg denne fellesskapskvelden. Dei er eit stort ungdomskor som øver i Blomvåg kyrkje. Det er ein fryd å sjå dei syngje, dei strålar av både livsglede og songglede.

I koret finn mange ungdommar eit trygt og godt fellesskap, og dei har vaksenleiarar som bryr seg om dei. Her blir dei òg betre kjende med Jesus. Koret veks og har no over 50 registrerte medlemmar.
Kvelden bestod elles av allsong ved husorkesteret, konkurransar og mat. Eit rikt langbord var dekt med lekre rettar, og samtalane rundt borda var både høglydte og gode.
Neste liknande tilstelling er julefesten i Hjelme kyrkje, laurdag 4. januar klokka 16.00.
