Slik går vigselen føre seg

1. Preludium/Inngang
Orgelmusikk eller annan høveleg musikk til preludium/inngang.

2. Inngangsord
L:
I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.
Deretter vert ekteparet og forsamlinga helsa velkomen av presten:

3. Salme

4. Skriftlesing
Presten les nokon bibelvers deretter følgjer 2-4 bibel tekstar, minst éi frå kvart av dei to testamenta.
Skriftlesingane kan lesast av medlemmer av festfølgjet.

Her kan følgja
5. Salme
Salmen kan erstattast av høveleg vokal- eller instrumentalmusikk.

6. Tale
Presten held ein tale over eit av dei skriftorda som er lesne under ledd 4 eller over ein annan høveleg tekst.

7. Ekteskapsinngåing
L:
Kom no fram til Herrens altar, så vi kan høyra løfta dykkar til kvarandre og be om Guds velsigning over dykk og over heimen dykkar.
Brudeparet går fram til altarringen.

Deretter følgjer

Anten A

L: For Gud vår Skapars åsyn og i nærvere av desse vitna spør eg deg, (det fulle namnet til brudgommen utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet til brura utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?
Brudgommen: Ja.
L: Vil du elska og æra henne og vera trufast hos henne i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Brudgommen: Ja.
L: Like eins spør eg deg, (det fulle namnet til brura utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet til brudgommen utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?
Brura: Ja.
L: Vil du elska og æra han og vera trufast hos han i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Brura: Ja.
L: Så gjev kvarandre handa på det.

Brudeparet vender seg mot kvarandre og gjev kvarandre høgre handa.
Liturgen legg handa si på hendene til brudeparet.

L: For Guds åsyn og i nærvere av desse vitna har de no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.

 

Eller B

L: For Gud vår Skapars åsyn og i nærvere av desse vitna spør eg deg, (det fulle namnet til brudgommen utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet til brura utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?
Brudgommen: Ja.
L: Like eins spør eg deg, (det fulle namnet til brura utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet til brudgommen utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?
Brura: Ja.
L: Gjenta no etter meg.

Brudgom og brur vender seg til kvarandre. Dei gjev kvarandre hendene og vert ståande slik medan dei gjev løftet.
Liturgen les løftet ledd for ledd, deretter seier brudeparet det fram, den eine først.

L: Eg tek deg (namnet vert nemnt) til ektemake.
B: Eg tek deg (namnet vert nemnt) til ektemake.
L: Eg vil elska og æra deg
B: Eg vil elska og æra deg
L: og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar
B: og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar
L: til dess døden skil oss åt.
B: til dess døden skil oss åt.

Deretter vert løftet teke opp att på same måten av den andre ektemaken.
Liturgen legg handa si på hendene til brudeparet.

L: For Guds åsyn og i nærvere av desse vitna har de no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.

Her kan følgja
8. Overrekking av ringar

Anten A

L: Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap.

Eller B

L: Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet de har gjeve kvarandre. Gjenta etter meg.

Liturgen les orda ledd for ledd, deretter seier brudeparet dei fram, den eine først.

L: (Namnet), eg gjev deg denne ringen
B: (Namnet), eg gjev deg denne ringen
L: som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.
B: som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.
Ringen vert sett på fingeren til den andre.

9. Forbøn med Herrens bøn.

Presten ber for brudeparet.

L: Lat oss saman be Herrens bøn.
A: Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

Her kan følgja
10. Musikk/symbolhandlingar
Deltakarar i brudefølgjet og andre kan medverka med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag.

11. Salme

12. Velsigning

13. Utgang
Orgelmusikk eller annan høveleg musikk. Ekteparet går saman ut av kyrkja.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"