Valmoglegheiter

I løpet av handlinga kan det lagast rom for medverking av ulike slag. Det kan vere medverking frå brudefølgjet ved enkelte av dei liturgiske ledda, det kan være tillegg til handlinga i form av musikk eller høgtlesing, eventuelt kombinert med at det blir tent lys i lysgloben.

Vigselsordninga

Vigselsordninga som blir brukt i Den norske kyrkja, opnar for at brudeparet sjølve kan vere med på utforminga av seremonien.

Ordinga gir rom for at nokon i brudefølgjet kan medverke i nokre av dei liturgiske ledda. Ein kan leggje inn i musikk eller høgtlesing, eventuelt kombinert med tenning av lys. Blant dei kulturelle innslaga kan det også opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet. Salmar og songar må på førehand godkjennast av presten som forrettar, og det musikalske stoffet av kantor/organist.

Dersom den eine parten tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking frå dette kyrkjesamfunnet. Både når det gjeld medverknad frå andre kyrkjesamfunn og kulturelle innslag, skal dei tilpassast den gudstenestelege karakteren til vigselshandlinga og ikkje bryte med trusgrunnlaget i Den norske kyrkja.

Høve til eiga deltaking

Brudeparet og brudefølgjet har mulighet for å delta ved flere liturgiske ledd i vigselshandlinga:

  • Prosesjonen
    Brudeparet gå inn saman, eller bruda kan gå inn saman med ein representant for familien. Det kan også vere med brudepiker og brudesveinar som går inn før brud/brudepar. Dersom det er ønskjeleg, kan brudeparet, éin av dei eller begge, forlovarane, representantar for familiane og presten gå inn i kyrkja i prosesjon saman.

  • Skriftlesning
    Ein kan velje mellom fleire bibeltekstar som det er gjort framlegg om, eller fritt frå andre bibeltekstar som passar. Ein kan til dømes lese tekstar om eit tema som brudeparet er spesielt opptekne av. Bibeltekstane kan bli lest av medlemmar av brudefølgjet.

    Døme på tekstar som ein kan velje:
  • Salmane 23
  • Salomos ordtøke 8,6-7a
  • Matteus 6,25-34
  • Johannes 15,9-12[-17]
  • 1. Korintarbrevet 13
  • Kolossarbrevet 3,12b-14


  • Salmar
    Brudeparet kan vere med på å velje salmane som skal syngjast under vigselen.

    Døme på salmar som passar godt:
  • No takka alle Gud med hjarta, munn og hender, Norsk Salmebok 300/299
  • Lovsyng vår Herre, den mektige konge med ære, Norsk Salmebok 302/301
  • Alt står i Guds faderhånd, Norsk Salmebok 308
  • Himmelske Fader, herleg utan like, Norsk Salmebok 311
  • Kjærlighet fra Gud springer like ut, Norsk Salmebok 669
  • Herre over alle slekter, Norsk Salmebok 674
  • Vi rekker våre hender frem som tomme skåler, Norsk Salmebok 710
  • Guds godhet sang i sinnet, Salmer 1997 98
  • O Ipmil, buressivdnit dál dán bára, gii dás cuozzu, Salmer 1997 273
  • Å Gud, velsigna desse to som står for dine augo, Salmer 1997 273

  • Ekteskapsløfta
    Ein kan velje mellom to måtar å avleggje ekteskapsløfta på. Den eine måten er at presten stiller to spørsmål til kvar av brudefolka, som dei svarar ja på. Den andre måten er at brudefolka sjølve seier fram ekteskapsløfta ved å gjenta dei etter presten: Eg tek deg NN til ektemake. Eg vil elska og æra deg, og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar, til dess døden skil oss åt.

  • Overrekking av ringar
    Dersom brudeparet vil, kan dei velje å gi kvarandre ringar under vigselshandlinga. Overrekkinga kan skje ved at ringane blir sette på etter at presten har sagt: Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap. Alternativt kan det skje ved at bruda og brudgommen i samband med overrekkinga av ringane sjølve seier fram følgjande etter presten: NN, eg gjev deg denne ringen som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.

  • Forbøn for brudeparet
    Brudeparet kjem fram til altarringen og kneler under forbøna. I tillegg til presten, kan eventuelt også andre i følgjet delta i forbøna med handspålegging. Det er mogleg å velje mellom to ulike forbøner, og ein kan leggje til ei fritt formulert bøn som til dømes brudeparet sjølve har vore med på å utforme eller velje ut. Her kan brudeparet gi uttrykk for sine håp og tankar for livet som ligg framfor dei. Det er mogleg å tenne lys under forbøna. Ein kan også syngje ein bønesalme mens brudeparet knelar på altarringen.

  • Musikk/symbolhandlingar
    Deltakarane i brudefølgjet og andre kan medverke med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. Her er det rom for kreativitet og deltaking for å gjere vigselshandlinga endå meir personleg. Det kan til dømes opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet. Der den eine parten har ein annan kyrkjeleg bakgrunn enn Den norske kyrkja, kan det her opnast for deltaking frå dette kyrkjesamfunnet.

  • Bryllaupsmesse
    Det er også mogleg å feire kyrkjeleg vigsel som ei messe, det vil seie at det inngår nattverd i vigselen.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"