Prøvingsattest
Før de giftar dykk, må Skatteetaten undersøkje om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Dette blir kalla prøving av ekteskapsvilkår, og må gjerast for at kyrkja kan gjennomføra vigslinga.
- Brudeparet må søkje om prøvingsattest frå Skatteetaten sine nettsider
Behandlingstida på dette er vanlegvis kort, men det er vanleg å gjere dette nokon månader før vigslinga. Ein prøvingsattest er berre er gyldig i fire månader, fordi opplysningane de oppgir må vere ferske.
Forlovarerklæring
- De må også be forlovarar om å fylle ut forloveerklæring på Skatteetatens nettsider.
Erklæring om skifte
Nokon må fylla ut litt meir: Har ein av dykk vore gift, hatt partnarskap eller sambuarskap før, vil det i nokre tilfelle vere behov for å leggje ved ei erklæring om dette. Den som ønskjer å inngå ekteskap må gi opplysningar om dette.
- Fylle ut erklæring om skifte frå Skatteetaten
- Send erklæringa til Skatteetaten
Melding om endring av namn
Dersom du/de ønskjer å endra namn i samband med at de giftar dykk, må de søkje om endring av namn samtidig som de fyller ut dei andre skjemaa.
- Skjema for namneendring finn du på skatteetaten sine nettsider.
Sending av attestar
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, dersom de oppfyller krava for å inngå ekteskap. Prøvingsattesten er gyldig utan stempel og signatur.
Attesten blir send til dykk begge i Altinn. Om de har reservert dykk mot digital post, får de han i posten. Den er gyldig i 4 månader.
Prøvingsattesten må vidaresendast til Øygarden kyrkjekontor:
De vel sjølv om attesten blir vidareformidla digitalt på e-post post.oygarden@kyrkja.no, eller som brevpost til:
Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume.
Prest må ha orginal prøvingsattest for å kunne vie.
Kyrkjekontoret sender også eit internt innmeldingsskjema til vigsel ved påmelding til vigsel.
Informasjonstryggleiken til personopplysningane i attesten kan varetakast gjennom vidareformidling via kryptert e-post, eller sending i lukka konvolutt.