MARIMESSE I VAKSDAL – Maria bodskapsdag 22. mars i Dale kyrkje

Midt i den alvorstunge fastetida kjem der ein glad festdag, Marimesse eller Maria bodskapsdag, søndag 22. mars. I framgrunnen denne dagen står bodskapen til Maria om at ho skal bli mor til Jesus. Difor er feiringa lagt til den næraste søndagen ni månader før jul.

Publisert:

MARIMESSE I VAKSDAL – Maria bodskapsdag 22. mars i Dale kyrkje

I kyrkja er dette ein festdag. Fasta sin fiolette farge er bytt ut med festfargen kvitt. Festen vert forsterka av den flotte songen og musikken, som er knytt til denne dagen. Bodskapen til Maria har inspirert ei mengt komponistar, ikkje minst til å tonesetje Maria sin lovsong, Magnificat, på vakkert og talande vis. Men også mange festprega og vakre salmar er knytte til dagen.

Alt dette kan me oppleve på festgudstenesta i Dale kyrkje, søndag 22. mars kl 11. Her får me også høve til å reflektere over og takke for Maria som føredøme og mor til alle truande, ved at ho tok på seg den store oppgåva å bere Jesus inn i verda og til oss.

Dette kan du lese meir om på

https://www.kirken.no/nb-NO/kristen-tro/kirkearet/spesielle-dager/maria-budskapsdag/.

Velkomen til Marimesse i Dale kyrkje!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"