«Sæle dei som skaper fred»

Og så var det omsider over. På ein dag, åttande mai 1945, – ein kunne skrive i dagboka og minnest og seinare fortelje om: Folkemengda og flagga og gleda. Å kunne glede seg til å begynne kvardagen på nytt.

«Sæle dei som skaper fred»

Gudstjeneste på frigjøringsdagen
Fredag 8. mai 2020 kl. 17.00
Biskop Kari Veiteberg

 

 

Preike

Dette heilage evangeliet står skrive i Matteusevangeliet, det femte kapitlet:

Då tok Jesus til orde og lærte dei:

«Sæle dei som er fattige i ånda,

himmelriket er deira.

Sæle dei som sørgjer,

dei skal bli trøysta.

Sæle dei audmjuke,

dei skal arva jorda.

Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,

dei skal bli metta.

Sæle dei miskunnsame,

dei skal få miskunn.

Sæle dei reine i hjartet,

dei skal sjå Gud.

Sæle dei som skaper fred,

dei skal kallast Guds born.

Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,

himmelriket er deira.»

Igjen, god åttande mai! 

Fleire av dykk var med og har levande minner frå akkurat den dagen, ein dag då nordmenn over heile landet og i verda gikk ut i gatene, vifta med flagg og ropte «hurra»! Saman. 

Etter fem år med okkupasjon kunne folk igjen vise kjenslene sine.  Åttande mai – det var og er ein minneverdig dag. Også fordi den var så etterlengta.

Dei eg har snakka med, fortel at det var noko dei hadde håpa på lenge. Noko dei nesten ikkje torde håpe på. For overmakta var så stor og synleg. Kongen og regjeringa, venner og slektningar var langt borte. I kyrkja hadde prestane lagt ned embeta sine. Det heile var ein unntakstilstand som varte og varte. 

Og så var det omsider over. På ein dag, åttande mai 1945, – ein kunne skrive i dagboka og minnest og seinare fortelje om: Folkemengda og flagga og gleda. 

Å kunne glede seg til å begynne kvardagen på nytt, hente fram radioen frå skjulet, snakke fritt og sjå fram til å sjå igjen folk ein ikkje hadde sett på år: Krigsseglarane, soldatar, partisanar og flyktningar. 

Det var også tid for å kunne vise og markere sorga over alle dei som ikkje kom tilbake. Dei som vart på sjøen, dei som vart bomba, dei som mista livet på slagmarka, dei som vart avretta og alle dei som døydde i konsentrasjonsleirar.

Krigen var i ferd med å ta slutt over heile kloden. Lidingane hadde vore ubeskrivelege, så store at vi stadig kan merke verknadane av dei. Mange millionar menneske mista livet. Millionar av liv: Og alle, kvar og ein av dei var enkeltmenneske, kvar av dei med sine håp og draumar om eit godt liv og om kvardagar i fred. 

Åttande mai, ein dag for å minnest dei som sette livet inn, for å feire freden og demokratiet her i landet, ein dag for å markere samhaldet. Ein dag for å be om fred for heile verda.

Akkurat på denne dagen har vi lese nokre ord Jesus sa til ei folkemengd på eit fjell: han såg på  dei og sa: «Salige er de!» 

Har de sett dei praktfulle kyrkjedørene her i kyrkja?  Dei åtte bronse relieffa laga av Dagfin Werenskiold og innvigd i 1938, viser alle ord frå salig-prisingane til Jesus, med illustrasjonar som vi kan kjenne oss igjen i. 

Ta ein ekstra titt på desse dørene når du kjem forbi, eller når du om ikkje lenge, igjen kan kome inn i dette kyrkjerommet.  

«Salige!» I alt åtte gonger seier Jesus at nokon er salige. Kva betyr det å vere salig? Det er jo eit ord vi ikkje brukar ofte, men mange veit nok instinktivt at det dreier seg om den aller største gleda,  å vere i ein tilstand der er tilfreds med det som er, og ikkje berre å vere tilfreds, men noko vi kan kvile i. Vi kan av og til seie det etter eit ekstra godt måltid med nære venner, etter å ha erfart sterkt å vere lukkeleg: «Det var salig!» Eller «no er eg salig». 

Men, vi er nesten ved språket sine grenser: Salig er nabo til ord som evig og himmelsk

Dei peikar mot noko som språket ikkje kan fange. Kanskje kan vi erfare glimt av det gjennom musikk, poesi og andre kunstformer?

Salig. Då kjem du ikkje høgare. Salig er ikkje eit ord for gradbøying. Det heiter ikkje salig, saligare, saligast. Du er salig, og det er meir enn nok! 

Det har vi altså starten på dei åtte saligprisingane: 

Eit ord som er der nesten heilt der oppe, høgt oppe i det som er nesten tidlaust og overgår all erfaring.

Kven er det Jesus prisar salig? Då er vi i den heilt andre enden av skalaen, då er vi nede på jorda igjen. I det låge. Ja, av og til ved nokon vi må bøye oss ned for å kunne sjå i augo. Av og til i noko som er der, men vi ikkje får til å sjå. – Kanskje fordi vi har vent oss av med å sjå etter det?

Kven er det det er snakk om: Dei fattige, dei som sørger, dei audmjuke, dei som hungrar og tørster etter rettferdigheten, dei barmhjertige, dei reine av hjertet og altså, sist men absolutt ikkje minst: dei som skapar fred. 

Kven er dei,  alle dei Jesus snakkar om? Ikkje alle av dei er lett å få auge på. Kanskje særleg ikkje i tider som dette, så mange fattige har dratt tilbake til heimlanda sine, kanskje særleg ikkje no då flyktningar ikkje lenger kjem til landet vårt.  Dei audmjuke; dei som nesten ikkje har ord, dei som viser barmhjertigheit i praksis, i flyktningleirar langt unna oss, eller med ansikta skjult bak smittevern-maske i sjukehus og sjukeheimar. 

Dei som sit lamma av sorg og ikkje får sørge, og alle som opplever slik sorg det ikkje blir sendt blomster til. Jesus seier at himmelriket høyrer slike til, dei skal bli metta og trøysta, dei er Guds born og dei reine i hjartet skal sjå Gud. 

Av og til, som når vi les og tar til oss evangeliet, kan vi bli minna om kor vi skal snu blikket: For å få glimt av himmelen må vi vende blikket mot jorda. Mot det som er lågt i denne verdas auge: Fattige, sultne og forfulgte. Kanskje er det ikkje lett å sjå folk frå heimekontora. 

Men det står skrive: «det som står lågt i verda, det som blir sett ned på, det som ikkje er noko, det valde Gud seg ut». Det valde Gud seg ut, eg forstår det slik: Har du først sagt Moria, må du også seie Soria! Har du først sagt Soria, må du også seie Moria!

Kanskje er det ikkje lett å sjå folk i denne tida, men går vi ut på tur i nærområdet,  slik som mange har gjort desse siste månadene, er det faktisk mogleg å sjå glimt av dei Jesus talar om, ved å sjå ned på bakken. 

I alle fall her i Oslo. 

Eg har som mange andre eg har snakka med, gått mykje på tur i nabolaget i det siste. Og ser eg ned, så ser eg kumlokka. I Oslo har kvart kumlokk eit bilde av byens skytshelgen, sankt Hallvard. Hallvard som har minnedag no 15. mai, var ingen krigar, tvert om: Han sette livet inn for å prøve å redde ei gravid kvinne forfølgt på livet av valdelege menn. Det er ein av grunnane til at eg er stolt av å være biskop i Oslo. 

I Oslo, og fleire av byane i landet vårt og elles i Europa, er det er også mogleg på fortaua å sjå dei små enkle, men talande snublesteinane som er plassert ut i gatene: På desse steinane belagt med bronse, les vi namn på jødar som vart arrestert og deportert under krigen, det står kva konsentrasjonsleir dei døydde i og når. Og av og til står det, som i ved Samuel Steinmann: Auschwitz. Overlevde.  Bak kvar snublestein ligg ei historie. Steinmann var eit av fleire tidsvitna vi gjer rett i å høyre på, heilt til han døydde i 2015.

Snublesteinane og byvåpenet minner oss på at mange av dei Jesus snakkar om, er døde. Denne fredsdagen er derfor også ein dag for å minnest dei døde, alle dei som gjennom historia har blitt krossfesta. Denne fredsdagen er og ein dag for å feste bliket mot alle dei som stadig blir forfølgt og sett ned på.

Vi blir utfordra til å sjå den lidinga som finst. Og også å gjere noko med det. «Salige er dei som skapar fred» er også ei utfordring til oss. Korleis skal vi kunne bidra til å skape fred? Fred er i den jødisk-kristne tradisjonen og i bibeltekstane ikkje berre fråver av krig: Shalom eller Salaam som det heiter på arabisk, peikar mot rettferd, ei verd som er i balanse og likevekt, der ingen utnyttar andre. Skildringane av Shalom i den hebraiske bibelen viser korleis sanning og rettferd er uløyseleg vevd saman med fred og miskunn. Med ord nokre kjenner frå Babettes gjestebud, heiter det i Salmane: 

Miskunn og sanning skal møta kvarandre,

rettferd og fred skal kyssa kvarandre.

Sanning skal spira opp av jorda

og rettferd sjå ned frå himmelen.

Kampen for fred er uløyseleg knytt saman med kampen for sanning, for rettferd og med å vise miskunn/barmhjertighet. - Overfor medmenneske som lid verda over og overfor naturen. Orda om fred i denne meininga, Guds shalom er også ord om håp, ikkje berre for oss men for alt levande. 

Det er derfor eg no i Jesu namn seier til dykk: Salige er dei som skapar fred, dei skal kallast Guds born. 

De er Guds born. Skap fred! Fred vere med dykk. Shalom. 

Salaam aleikum. Peace be with you all. Amen. 


Inngangsord

I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande, vår skapar, frigjerar og livgivar. Til lukke med dagen – alle de som ser og høyrer på fredsgudsenesta her frå Oslo domkyrkje!

I dag er det 75 år sidan frigjeringsdagen, 8. mai 1945.

Dei siste ti åra har vi i Norge også markert denne dagen som ein nasjonal veterandag. 

Fleire av dykk som ser på, var med og har levande minner frå frigjeringsdagen. Mange av oss som av gode grunnar ikkje fekk med oss den dagen sjølv, har foreldre eller besteforeldre, eller kanskje oldeforeldre som har fortalt nøyaktig kor dei var og korleis det var akkurat den dagen. Åttande mai – det var og er, ein minneverdig dag. Ein dag for å minnast og for heidre dei av oss som sette livet inn og ofra liv og helse. 

I dag har vi her i domkyrkja med koristar frå Domkoret og Guttekoret. Og vi har med Arve Tellefsen og Thea Stabell for å hjelpe oss å minnest og å sjå framover. Dette er ein dag for å feire og for å sjå framover og vi vil særleg be om fred, fred i  landet vårt og i heile verda. Nåde vere med oss alle og fred.





 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"