Eikefjord sokn
Kort om Eikefjord sokn
Eikefjord kyrkje er ei korskyrkje i tre som står i bygda Eikefjord i Kinn kommune. Den vart bygd i 1812, byggmeister var Nils Olsen Kjørslevik.
Eikefjord kyrkje er ei av dei eldste kyrkjene i Sunnfjord og representerer fyrste generasjon av tømmerkyrkjene frå 1800–talet. Etter ei seinare utviding er ho no ei krosskyrkje med 350 sitjeplassar.
På Sørbøen, der kyrkja står, var det tidlegare skysstasjon, handelsbu og post– og dampskipsekspedisjon frå 1877.
Altartavla er utskoren Kristus–figur frå 1874. Preikestolen er frå 1874. Nattverdsutstyret og døypefonten er frå byggjeåret 1812.