Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode når du kjem, og på søndagen vil alle som kjem til kyrkja få vite kva agentane har funne ut. Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag.
Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i Bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? I mange kyrkjer i Norge vil det denne våren vere agentar i sving! Vi vonar at du har lyst å vere ein av dei! Invitasjon blir sendt ut.
Tårnagent
Går du i 3. klasse? Bli med som tårnagent i kyrkja!
