Gravferd

Død og sorg er og ein del av livet. Mange veljer kyrkja som ramme rundt den siste avskjeden.

En person legger hodet mot skulderen til en annen. De er kledd i sorte klær. De er i begravelse.

Etter eit dødsfall er det vanleg å ta kontakt med eit gravferdsbyrå som hjelper dei pårørande med avskjedsprosessen og ulike praktiske gjeremål og seremonivalg. Me har to lokale byrå: Vest-Telemark Gravferdsbyrå og nystarta Øvre Telemark Begravelsesbyrå. Det er heller ingenting i vegen for å ta hand om ein eller fleire av oppgåvene sjølv.

Ein gravferdseremoni i kyrkja har ein fast struktur med ein del faste rammer. I ein sorgsituasjon kan det vere godt å kvile i at ein slepp å ta stilling til mange ting, men berre kan ta del i ein lang gravferdstradisjon. Samstundes er det høve til å setje eit personleg preg på seremonien t.d. gjennom val av tekstar, salmer og anna musikk. Nokon ynskjer å ha musikkinslag frå vener eller kjende. 

Presten avtaler ein sørgjesamtale med dei pårørande. Der er det høve til å snakke om avdøde og sorgprosessen, men og planleggje minneord og andre praktiske ting rundt seremonien.

Om ein har praktiske spørsmål knytt til gravsted og kyrkjegard kan ein ta kontakt med kyrkjeverjen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"