Kisteteppe til gravferdsbruk

Kviteseid sokn er så heldige å eige eit gravferdsteppe som kan nyttast til gravferdsføremål av alle som ynskjer det.

Kiste med kisteteppe og lys

Båreteppe har vore lagt over kistene i uminnelege tider så å seie over heile verda. I Vest-Telemark finn me mange døme på at teppe har vore bruka. Det var tidlegare ei handling som symboliserte eit siste farvel.

Gravferdsskikkane i Vest-Telemark har endra seg mykje i siste halvdel av 1900-talet. Før den tid var det vanleg at gravferda var i heimen. Kisteteppet blei lagt oppå kista likferdsdagen og teke av kista ved avferd frå heimen. Rundt kista samla gravferdsfylgjet seg for å halde avskjedsseremoni for den døde, før kista skulle til kyrkjegarden.

Etter at bårehusa blei bygde, blir kistene sette der fram til gravferdsdagen. I dag er det vanleg at kyrkja blir pynta med blomar og med ein bårebukett på kista. For dei som ynskjer å ta opp ein gamal skikk, kan kisteteppe vere eit alternativ til bruk på kista. Å breie eit teppe over kista er ei aktiv handling som kan verke positivt som ein del av seremoni og sorgarbeid. Teppe og klede fylgjer menneske frå vogge til grav. Det er ein tanke som gir meining.

Teppet er laga i 2013 av Gunnvor Mandt og Hanne Roholdt, og lagrast på kyrkjekontoret. Ta kontakt med gravferdsbyrået eller kyrkjekontoret om du ynskjer å nytte teppet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"