Konfirmasjon

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye vener! I konfirmanttida er det tid og rom for spørsmål, tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og andre menneske. På sjølve konfirmasjonsdagen ber presten for det vidare livet til kvar enkelt konfirmant.

Konfirmasjon

Dei fleste veljer å delta på konfirmantopplegget den vinteren dei går i 9. klasse. I 8. klasse blir det kalt inn til eit informasjonsmøte om konfirmanttida før sumarferien som er opent for alle interesserte. Her blir det informasjon om opplegget og korleis ein melder seg på dei ulike aktivitetane. Her diskuterer me og kva dagar sjølve konfirmasjonshandlinga skal skje i dei ulike grendene. 

Ein del av konfirmasjonsopplegget er felles for heile Øvre Telemark, og arrangerast av "Ønsket og elsket". I Kviteseid sokn avsluttast konfirmanttida med ein konfirmasjonsdag ikring mai, og stor konfirmasjonsleir på Gjennestad med "Ønsket og elsket" i starten av sumarferien. Dei som ikkje kan eller vil på leir, har eit eige opplegg med pilegrimsvandring over fire laurdagar.

Me ynskjer å fortelje deg som er konfirmant at du er ønska og elska av Gud! Du kan melde deg som konfirmant på "Mi kyrkjeside" mellom 11. mai og 31. august.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"