Konfirmasjon i kyrkja: - Du får noko meir!

Å få gåver, merksemd og nye vener, er fint. Men ved konfirmasjon i kyrkja er kristne verdiar og kunnskap om kristendommen ein verdifull bonus, meiner Ada, Helene, Henrik og Håvard.

Konfirmasjon: Du lærer om kristne verdiar; du får markert at du byrjar å bli voksen; du får mykje fin merksemd, og du får nye venner. (Illustrasjonsbilde: Bo Mathisen)

Konfirmasjonsleir

– Det var fint å lære at ein kan vera heilt seg sjølv, sjølv om ein er kristen. Og at det slett ikkje berre handlar om å følgje reglar for kva ein kan og ikkje kan gjera, seier ungdommane.

Høye hyl og mykje latter er ikkje til å unngå når ein lèt seg falla baklengs ned frå ein benk, og berre må stola på at kameratane dine tar imot. 46 av dei omtrent 37.000 ungdommane som skal konfirmera seg i år, er på konfirmasjonsleir.

Konfirmantane er delt inn i grupper som blir leidde av ungdommar som sjølv var konfirmantar for eitt eller to år sidan.

Lærer mykje

– Det er vel ikkje nødvendigvis sånn at du blir konfirmert og boooom! så er du kjempekristen. Men du lærer mykje om ting du ikkje har tenkt på før, og mykje om ting du har tenkt på før, seier Ada.

– Det ein lærer i samband med kyrkjeleg konfirmasjon er jo mykje av det same ein lærer om i humanetisk konfirmasjon, men du får med dei kristne verdiane, bibelhistorie og slikt i tillegg, meiner Håvard. - Når du konfirmerer deg i kyrkja får du noko meir, noko ekstra.

Merksemd kjennest godt

– Er det lov å seie gåvene? spør Ada når vi skal drodle fram fleire gode grunnar til å konfirmere seg. Og det synest alle rundt bordet må vere lov.

– Ja, for eg fekk så mange personlege gåver. Fine opplevingar, til dømes. Ei av tantene mine tok med meg og kusina mi på ei reise. Og dette gjorde oss til venninner, seier Ada, og viser fram eit armband der det er inngravert «Because I love you», namnet hennar og konfirmasjonsdatoen.

– Eg synest gåvene viste at folk tenkte mykje på meg, og det gjorde meg så glad!

Henrik synest at også merksemda ein får som konfirmant, er verdifull.

– Ein får høyra fine ting om seg sjølv, ting ein vanlegvis ikkje seier til kvarandre. Då skjønner du at du betyr mykje for mange personar, kanskje til og med folk du ikkje hadde tenkt at du var så viktig for. Det opplever ein ikkje så ofte ellers.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"