Før den store dagen - planlegge vigsel

Ta til med planlegginga i god tid! Å få hastverk med å avklare dei praktiske detaljane kan lett kome til å forstyrre førebuingane til eit av dei største høgdepunkta i livet.

Et brudepar som setter på hverandres ringer

Bestilling av vigsel

Det første de treng å få avklart når de skal gifte dykk i Den norske kyrkja i Øygarden, er om datoen og kyrkja de ønskjer er ledig. Då tek de kontakt med Øygarden kyrkjekontor.

Når de har fått stadfesta tid og kyrkje, får de eit skjema tilsendt som må de sende inn som skriftleg bestilling av vigsel. Ferdig utfylt skjema kan sendast på e-post eller brev til Kyrkjekontoret.

 

Hovudreglar for bestilling av vigsel

Tidspunkt

Vi har 3 faste tidspunkt for vigsel på laurdagar:

  • Kl. 13.00
  • Kl. 14.15
  • Kl. 15.30

Det går også fint an å gifte seg ein annan dag enn laurdag. Ta kontakt med kyrkjekontoret, så finn vi ei tid som passar.

Kyrkje

Vi har sju kyrkjer, og de kan fritt velje kva kyrkje de vil gifte dykk i.

  • Kausland kyrkje
  • Sund kyrkje
  • Fjell kyrkje
  • Foldnes kyrkje
  • Landro kyrkje
  • Blomvåg kyrkje
  • Hjelme kyrkje

 

Prest

De kan kome med ønskje om å ha eigen prest. Då må den presten ta kontakt med soknepresten i god tid før bryllaupet, for å få ei godkjenning til å kunne vie dykk.

Betaling for kyrkje, organist og kyrkjetenar

Det kostar ikkje noko å gifte seg i ei av våre kyrkjer dersom ein eller begge av brudeparet er busett i Øygarden og ein eller begge av dykk er medlem i Den norske kyrkja, det vil seie har folkeregistrert adresse i Øygarden når dei skal gifte seg.

Sjå betalingssatsar under «Betaling for vigsel» dersom

  • ingen av brudeparet  er busett i soknet, dvs. folkeregistrert adresse i Øygarden kommune, når de giftar dykk. Då må de betale leige for kyrkje, organist og kyrkjetenar.
  • ingen av brudeparet er busett i Vesthordland prosti, dvs. folkeregistrert adresse i Øygarden eller Askøy kommune. Då har prestane høve til å krevje inn betaling for bryllaupet, i tillegg til betaling for kyrkje, organist og kyrkjetenar.
  • ingen av brudeparet er medlemer i Den norske kyrkja. Då må de betale for kyrkje, prest, organist og kyrkjetenar

 

Vigselspapir

Brudeparet må sjølv skaffe dei skjema som skal fyllast ut. Papira finn de på Skatteetaten sine nettsider. (Sjå nederst på sida)

  • Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom ein har vore gift før
  • Melding om endring av namn

Brudeparet må sjølv sende inn ferdig utfylte skjema til det lokale skattekontoret. Felles telefonnummer til alle skattekontora er: Tlf. 800 80 000

 

Vigselsamtale

Den presten som skal vie dykk, tek kontakt med dykk ca. ein månad før bryllaupet og avtaler tid og stad for vigselsamtale og eventuell øving i kyrkja før bryllaupet. I vigselsamtalen blir brudeparet einige med presten om oppbygginga av seremonien. Det er mange alternativ for deltaking både for brudeparet og for resten av brudefølgjet. 

Brudefølgjet kan i stor grad medverke i vigselen, blant anna i dei liturgiske ledda og med eigne innslag i form av til dømes musikk eller opplesing. 

 

Pynting av kyrkjene

Ved vigsel er kyrkjene enkelt pynta med blomster på alteret. Dersom de ønskjer å pynte meir sjølv, ta kontakt med Øygarden kyrkjekontor, så kan vi vidareformidle kontakt med kyrkjetenaren i den kyrkja de skal gifte dykk i.

 

Enkelt bryllaup 

Ein treng ikkje velje eit stort bryllaup. Dersom de ønskjer eit enkelt bryllaup, så er dette fullt mogleg. De kan til dømes gjerast på kyrkjekontoret eller i kyrkja, med berre prest og forlovarar til stades. Ta kontakt med Øygarden kyrkjekontor, så kan de sjølv avtale med presten korleis de vil gjere det.

 

Brudeparbibel

Vi i Øygarden ønskjer å gje dykk ein brudeparbibel i gåve. De kan velje mellom nynorsk og bokmål. Bibelen får de på sjølve dagen.

 

Prøvingsattest

Brudeparet vil få ein signert kopi av prøvingsattesten av presten på sjølve dagen. De vil etter ei tid få tilsendt Vigselsattest frå Skatteetaten.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"