Margunn Sandal

« - Eg ser på meg sjølv som ein folkekyrkjeteolog som står i ein kristen humanistisk tradisjon. Eg vil arbeide for at kyrkja skal vere til for alle som ønskjer det.»

Margunn Sandal (59) er ein av kandidatane som er nominert av Hamar bispedømmeråd til å bli ny biskop i Hamar bispedømme. Foto: August Sandal Rolfsen

Namn: Margunn Sandal 

Alder: 59 år 

Yrke: Sokneprest i Frogner, Oslo 

Familie: Gift med Raag Rolfsen, tre barn, Theodor, Valdemar og August.  

Margunn Sandal svarar på spørsmål 

Difor vil eg bli biskop 

Det som motiverer meg er at eg er blitt foreslått. Eg trur også eg har noko vesentleg å bidra med. Men det har også mykje å seie at det er i Hamar. Hamar er eit spanande bispedømme med eit rikt kulturliv og stolte tradisjonar. Kanskje er det slik at fleire rørsler som tidleg har fått fotfeste her, som til dømes folkehøgskulerørsla og den kristne humanistiske tradisjonen på Nansenskolen, kan ha medverka til at Hamar har blitt eit bispedømme med stor takhøgd. Fleire av biskopane i Hamar har sjølv gått i front for toleranse, nytenking og det folkelege, og dei har hatt eit kulturelt omland dei har kunna spele på lag med. Det gjer det freistande å bli biskop nettopp her. Eg har dessutan stor sans for Hamar bispedømmes visjon. 

Her fortel Sandal korfor akkurat ho bør bli biskop i Hamar:

Tankar om folkekyrkja  

«- Det er ein dynamikk mellom dei heilage romma rundt oss, i oss og mellom oss og det alminnelege i livet.» 

Å vere folkekyrkje er å vere kyrkje for alle som ønskjer det, og det er kyrkjas oppdrag. Visjonen til Hamar bispedømme er svært god og eg sluttar meg heilt og fullt til den. Det er ein dynamikk mellom dei heilage romma rundt oss, i oss og mellom oss, og det alminnelege i livet, og denne dynamikken vil eg halde fast ved og gjerne utforske vidare. Den verdset både meir himmel og meir jord. 

Min bakgrunn 

« - Eg er glad i menneske og naturen, stadar og bygg og kunst.» 

Margunn Sandal vaks opp på Osterøy utanfor Bergen. I 1983 flytta ho til Oslo for å studere teologi og vart ordinert til prest i 1992. Ho har arbeidserfaring frå skule-og helsesektor, frå ulike plan i kyrkja, frå frivillige organisasjonar og akademia.  

Sandal sin CV leser du her  

Teologisk profil 

« - Eg trur på samarbeid med alle gode krefter i lokalsamfunnet, storsamfunnet og internasjonalt.» 

Det som i særleg grad pregar meg som teolog er overtydinga om at stadar, bygg og kunst har stor betyding i og for kyrkja. Eg har arbeidd mykje med dette, og meiner det er viktig at kyrkja ser verdien av den materielle kulturarven og tenkjer over korleis den kan vere ein ressurs til glede for alle.  

Eg plasserer meg elles i ein teologisk tradisjon som legg vekt på kva menneske sine erfaringar av Gud har å seie. Min visjon er at kyrkja skal vere ein stad der desse erfaringane kan kome til orde og til uttrykk , og bli tatt på alvor i heile sin breidde. 

Dette vil eg legge vekt på som biskop 

« - Det viktigaste oppdraget til biskopen er å forkynne Guds nåde.» 

Forkynning av Guds nåde er kjernen i prestekallet, og som biskop er du først og fremst prest. Dernest meiner eg at biskopen har eit særleg ansvar for å halde seg oppdatert i samfunnsutviklinga og i teologien, for at nåden skal kunna formulerast på nytt inn i vår samtid, i truskap mot det evangeliet kyrkja har fått overlevert. Eg trur elles det er viktig at biskopen er aktivt lyttande og oppriktig interessert i stader og folk, kyrkjebygg, lokalkyrkjelydar og alt som skjer der. Slik kan biskopen vere med på å løfte fram det lokale, verdsette det og bringe det med inn i det store fellesskapet til glede for fleire. 

" - Eg likar å søkje ny kunnskap og djupare innsikt, og eg er opptatt av å bygge gode fellesskap.»  

Les mer om prosessen for å tilsette ny biskop her.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"