Digitale innspelsmøte er i gang!

Dei fysiske innspelsmøta om kyrkjeleg organisering i vår vart flytta til hausten, og vert no gjennomførte digitalt. Frå opprigga studio i Kirkens hus i Oslo inviterer prosjektleiinga både tilsette, rådsmedlemmer og frivillige til å delta i avstemmingar, stille spørsmål og lage ordskyer.

Prosjektleiinga er klar til digitalt innspelsmøte, Morten Müller-Nilssen og Inger Kari Stensrud. Foto: Kirkerådet

I august og september vert det gjennomført totalt ti digitale innspelsmøte. – Vi skulle veldig gjerne vore rundt i landet og møtt folk, men smittesituasjonen gjer at det ikkje er forsvarleg, seier Morten Müller-Nilssen. Han leier hovudutvalet i prosjektet som skal utgreie forslag til ny kyrkjeleg organisering.

Digitalt samspel

– Trass dette har vi funne ei form på desse møta der vi får tilbakemelding på at det er godt samspel mellom oss i studio og dei som fylgjer møtet, seier utvalsleiaren.

Gjennom eit digitalt verktøy kan deltakarar vere med i avstemmingar, lage rangeringar og ordskyer. Oppgåvene som vert gjeve er utarbeidd av dei ulike arbeidsgruppene, som ynskjer svar på ulike problemstillingar, knytt til ny organisering av kyrkja.

Til slutt i møtet kan alle deltakarar stille spørsmål til prosjektleiinga. Det kjem mange gode spørsmål og innspel som møteleiarane ikkje rekk å svare på, difor vil det bli publisert oppsummeringar og svar på ulike spørsmål på kyrkja.no/kirkeligorganisering i tida som kjem.

Oppfordrar til å sende inn innspel

Müller-Nilssen er godt fornøgd med deltakinga så langt, og vonar mange vil vere med å gje sine innspel til prosjektet. – Ein kan sjå dei ulike møta i opptak, men då kan ein ikkje delta i dei interaktive avstemmingane og må gje innspel via innspelskanalen. Innspelskanalen på kyrkja.no/kirkeligorganisering har vore open sidan prosjektstart, og vil vere open ei god stund til.

Innspelsmøta og innspelskanalen er ikkje siste høve til å gje tilbakemeldingar på ny organisering av kyrkja. Frå mars til september i 2021 vert saka sendt på formell høyring i heile kyrkja. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"